Norsk matleik populær utanlands

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Populær norsk matleik

Boka «Leik med maten» er basert på instagram-bileta til Ida Skivenes, for mange instagram-brukarar betre kjent under brukarnamnet idafrosk. Skivenes har delt bileta av sine kreative frukostar med over 150.000 følgjarar frå heile verda.

LES OGSÅ: Fargerik skriverevolusjon

Tysk tv og USA-turne
For nokre veker sidan gav ho ut bileta og oppskriftene i bokform på Samlaget, både på norsk og engelsk. Bøkene forsvann kjapt frå butikkhyllene, og no er andre opplag snart klart på begge språk, ifølgje forlaget. Det samla opplaget er på 10.000 bøker.

Forfattaren sjølv legg ut på turne til både USA og Frankrike i haust, og i desse dagar besøkjer ein av dei største tv-kanalane i verda, Deutsche Welle, henne på kjøkenet på Sagene i Oslo. Ho har blitt intervjua av presse over heile verda, frå mellom anna Kina, Hellas, Italia og Ecuador, og har faste spalter i tyske Zeit Leo og danske Copenhagen Food.