Matfest for ein kvar smak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den eine herlege lukta avløyser den andre i det ein går inn på rådhusplassen i Oslo, der over 180 utstillarar viser fram det norske matmangfaldet. under festivalen Matstreif. Over to dagar byr matprodusentane seg fram for nyfikne forbipasserande med alt frå elgkebab til sjokolade, lefser, fiskemat og fargerike grønsaker.

– Det betyr mykje for produsentane å få vise seg fram her, konstaterte mat- og landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum då han opna Matstreif fredag. Med seg hadde han fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen, som kunne skryte av at årets Matstreif byr på nesten dobbelt så mange sjømatutstillarar som i fjor.

– Her kan publikum bli betre kjent med det beste havet har å by på, slo fiskeriministeren fast.

LES OGSÅ: Lutefisk frå Bergen til Italia

Unike smakar
På festivalområdet stiller stiftinga Matmerk med eit eige telt med lokale matspesialitetar. Under opningsarrangementet fredag blei to nye produkt ønskt velkomne i det gode selskap. Kvitosten Lykle frå Tine Ørsta og Lutefisk frå Røst frå lutefiskprodusenten Glea fekk begge tildelt spesialitetsmerket frå Matmerk.

Uavhengig av tildelinga, kunne fiskeriministeren avsløre at nettopp lutefisk er favorittretten hennar, året rundt. Landbruksministeren var derimot meir sesongbasert, og røpte at om hausten likar han best fårikål, til jul ribbe, når påska kjem vil han helst ha lam, medan spekemat er sommarfavoritten.

LES OGSÅ:  – Smak på maten før du serverer

Meir enn utstilling
I tillegg til å gå på matsafari mellom dei små kvite telta, kan publikum under Matstreif også få med seg NM både for sjømat og i kjøtfag. På laurdag skal finalistane Lovisekylling og Frøyalaks konkurrere i regionalmat og matbloggarar skal kjempe om å bli årets Salma Chef.

Men det er ikkje berre dei proffe som får tilgang til grytene, publikum kan også delta på 17 ulike kurs, mellom anna i pølsestapping.

I eit eige bryggjeriområde kan folk velje mellom 67 ølsortar og 5 typar cider, laga av 19 ulike norske bryggjeri. Bondens marked er også til stades, med mange fleire buer enn til vanleg.

Matfestivalen blir i år halde for niande gong, og det er Innovasjon Noreg som er arrangør.