UNICEF: Barnedødelegheita halvert sidan 1990

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redusert barnedødelegheit

FN sitt barnefond Unicef la i dag fram ein rapport som syner at 18.000 born døyr kvar dag av orsakar som enkelt kan førebyggjast. Det er så godt som ei halvering frå 1990 då talla var 34.000, men tempoet er likevel for lågt, skriv Unicef på sine nettsider.

LES OGSÅ: 8.000 spedbarn døyr kvar dag

35 millionar kan døy
Frå 1990 til i dag er 90 millionar born redda.

– Det skuldast først og fremst ein politisk vilje. Ein har sett seg et mål om å redusere barnedødelegheita med to tredelar. Ein av de viktigaste grunnane er vaksiner. På 80-tallet var det berre kvart femte born som fekk vaksinane dei trengte, i dag er det kvart femte som ikkje får, seier generalsekretær i Unicef Noreg, Bernt Apeland, til ABC Nyheiter.

I følgje Unicef vil me med dagens tempo ikkje nå tusenårsmålet om å redusere barnedødelegheita med to tredjedelar innan 2015, men i 2028.

I løpet av dei tretten ekstra åra det vil ta å nå målet vil 35 millionar born døy av fødselskomplikasjonar, lungebetennelse, diaré og malaria – alle ting som med målretta og fokusert innsats er relativt enkle å førebyggje.

LES OGSÅ: FN: Småbarn døyr av skitvatn

Ein milliard utan toalett
«Sidan 2000 har me klart å meir enn halvera alle dødsfall som skuldast diaré. Handvask og andre enkle hygienetiltak er hovudorsaka. Ein milliard menneske har ikkje tilgang på toalett, 768 millionar har ikkje tilgang på reint drikkevatn,» skriv Unicef i ei pressemelding.

– I tillegg er underernæring og feilernæring hjå born ei bakanforliggande orsak til barnedødelegheita. Om me kunne fått til en global dugnad for å sikre alle born ernæringa dei treng ville det vore fantastisk. Halvparten av alle dødsfalla kan setjast i samanheng med underernæring. Når born er svake, vert dei ekstra utsett for sjukdommar, seier Apeland til ABC Nyheiter.

LES OGSÅ: Fleire born overlever: – Viser at bistand verkar

Fallande bistand
Born som ammast dei første seks månadane i livet har 14 gonger større sjanse til å overleve enn born som ikkje ammast. Kring 800.000 barnedødsfall kan setjast i samanheng med manglande amming. I dag ammast berre 39 prosent av verdas born dei første seks månadane.

Unicef peikar på at dei to siste åra har den internasjonale bistanden falle for første gongen på mange år grunna finanskrisa, og meiner at Noreg då har eit ekstra ansvar for å oppretthalde eller styrkje bidraget vårt til helseområdet. Dei vonar at bistand vert eit større tema i regjeringsforhandlingane enn det har vore i valkampen.

LES OGSÅ: I dag vil 21.000 born døy

Låg barnedødelegheit i Noreg
Dei fem landa med høgast barnedødelegheit er Sierra Leone, Angola, Tsjad, Somalia og DR Kongo.

Landa med lågast barnedødelegheit er de rikaste: Finland, Island, Japan, Luxembourg, Noreg, Singapore og Sverige. 

Men fleire fattige land har likevel lukkast med å få ned tala.

– Landa som lukkast best har klart å flytte helsetenester ut på landsbygda der folk bur. Der skjer det førebygging og diagnostisering. Etiopia er mellom landa som har hatt enorm suksess, og har redusert barnedødelegheita med nærare 70 prosent, seier Apeland til ABC Nyheiter.

Bangladesh, Liberia og Malawi er andre land som har klart å snu trenda.

– Samstundes som den positive trenda syner at talet er redusert frå 12,6 millionar døde born årleg til 6,6 millionar, syner rapporten at FNs tusenårsmål om å redusere barnedødelegheita med to tredelar ikkje vil bli oppnådd i tide. 

LES OGSÅ: 14 millionar mindreårige jenter tvangsgifta

Viktige vaksiner
Vaksinasjonsprogram står for 18 prosent av den totale reduksjonen sidan 2000. Dødsfall på grunn av meslingar er redusert med 75 prosent takka vere vaksiner. Unicef har brukt meir enn ein milliard dollar på vaksiner i denne perioden, og står for en tredel av alle vaksiner som setjast i verda.

– Etter mi meining burde me heve ambisjonsnivået og seie at ingen born skal døy av orsakar som er lette å førebyggje, seier Apeland, og legg til:

– Det er likevel gledeleg at framgangen fortset, sjølv om det framleis er utfordringar.

Auka døydelegheit mellom nyfødde
Monica Thallinger er barnelege og arbeider for Legar Utan Grenser. Ho held også på med ei doktograd om gjenoppliving av nyfødde i utviklingsland.

– Vaksiner og reint vatn er to store årsaker til at barnedødelegheita har blitt halvert. Det er fantastisk at ein har klart å halvere den, men det er framleis enkelte felt som er oversett.

Thallinger peikar ut dødelegheit hjå nyfødde, diare og lungebetennelse som tre viktige felt der det gjenstår ein del arbeid.

– Dødelegheita hjå nyfødde har auka sidan 1990, frå 37 til 44 prosent. Det gir ein indikasjon på at det har vore for lite fokus på å forhindre dette.

Dødelegheit hjå nyfødde syner til born mellom 0 og 28 dagar. Dei vanlegaste dødsårsakene er fødselskomplikasjonar, infeksjonar og premature fødslar. Blant dei eldre borna under fem år er diare og lungebetennesle store dødsårsaker.

– Det er ikkje så mykje som skal til for å betre dette. Først og fremst treng vi meir utdanning av mødre og helsepersonell. Det gjeld grunnleggjande lese- og skrivekunnskapar, helsehjelp og enkle tiltak etter fødsel. Til dømes er mange infeksjonar enkle å behandle med antibiotika, men ein treng folk som er klar over kva dette er og kan gjere det, seier Thallinger.

– Også fødselskomplikasjonar kan verte forhindra av enkle tiltak, som å overvake fødslar. Dei fleste kvinner føder heime på eit jordgolv utan hjelp.

– Kvar er problema størst?

– I Sierra Leone er barnedødelegheita ekstremt høg. Det er eit land i ein postkonflikt-situasjon, som ikkje har klart å gjere noko med dette problemet. No har dei innført gratis helsehjelp for kvinner og born, og forhåpentligvis kan dette påverke situasjonen. Afghanistan er det verste landet i Asia å bli fødd og leve til ein blir fem år.