Jublar for yngre Storting

Men unge mellom 18 og 29 år er enno underrepresentert.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter måndagens val er heile 17 av dei 169 representantane på Stortinget mellom 18 og 29 år. Det utgjer i overkant av 10 prosent av stortingsrepresentantane. I førre stortingsperiode var berre 10 av representantane under 30 år, noko som berre utgjorde 5,8 prosent.

– Me er svært glade for den auka delen av unge på Stortinget. Me trur unge veljarar ynskjer representantar i si eiga aldersgruppe, og at fokuset på å få unge veljarar til å bruke røysteretten har hatt ein positiv effekt, seier Stian Seland, leiar i LNU, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

Trass i ein stor auke i talet på unge representantar er unge enno underrepresentert. I overkant av 15 prosent av folkesetnaden er i alderen 18 – 29 år.

Snittalderen på Stortinget er 46 år.

– Me skal halda fram med å jobba for at unge under 30 samla sett ikkje er underrepresentert i nasjonale styre, råd og utval, seinst innan 2017. Det er eit av krava våre til den nye regjeringa, og me håpar interessene til unge vil bli prioritert, seier Seland.

LES OGSÅ: Dei yngste på Stortinget