Handlingsrom og fridom utan makt?

Mads Opheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men oftast av alt ser vi at det er dei ressursrike som har makta og som har mest å seie. I arbeidslivet er det dei som eig arbeidsplassane og dermed er rikast på pengar, bygningar og produksjonsmiddel som har makta. I samfunnsdebatten dei med størst bokhyller, i organisasjonar dei med mest tid og gjerne best smiskeevne. I internasjonal politikk er det landa med størst økonomi som har leiarrolla og den reelle makta.

I Europa ser vi dette særleg tydeleg i EU: Tyskland og Frankrike styrer og dei små landa kan protestere for all verda, men må bli med på ferda. Avmakta synes sjeldan tydelegare enn når Tyskland bruker kjøttvekta.

Dette spreier seg også til oss her heime. Gjennom EØS-avtalen underordnar vi oss EU sine grunnleggjande reglar og prinsipp. Den som ser koplinga mellom makt og underordning ser betre enn eg gjer. Dermed får Tyskland makt ikkje berre over dei små landa som er EU-medlemmer, men også til oss – som ikkje er det.

Kva er makt?

Makt handlar om kven som styrer. Det handlar om kven som skal få ta dei avgjerslene som påverkar kvardagen din og min. Det handlar om kven som skal avgjere kva vi skal prioritere, kva som er viktig og kva vi skal bruke pengar på.

Derfor er spørsmålet om makt så viktig. Og derfor er kjenslene så sterke i EU-debatten. I mi levetid har det skjedd to verkeleg store fordelingar av makt: den eine da vi innførte  EØS-avtalen, og den andre da vi sa nei til norsk EU-medlemskap. Da vi sa nei til EU bevarte vi mykje makt, da vi sa ja til EØS mista vi mykje.

Ikkje dermed sagt at internasjonalt samarbeid er feil, langt derifrå. Eg er for samarbeid – så lenge det skjer på rettferdig grunnlag. FN er eit godt eksempel på internasjonalt samarbeid der dei grunnleggjande linjene er bra, men som framleis er langt frå perfekt. EØS-avtalen er derimot ein handelsavtale som inneber ikkje berre import og eksport av varer, men også import av politikk. Når politikk blir importert, skjønner alle at makta ligg hos den som eksporterer, den som importerer får berre avmakta.

Men avmakt kan ta to former: avmakt ein kan gjera noko med, og avmakt ein ikkje kan gjera noko med. Sagt på ein annan måte: det er avmakt ein har fridom til å kvitte seg med og så er det avmakt ein ikkje har fridommen til å kvitte seg med. Heldigvis er vår deltaking i EØS-avtalen av den første typen: det står i klartekst i avtalen at vi kan seie han opp og kva som skjer om vi gjer det.

Handlingsrom?
I norsk EØS-debatt har «utnytt handlingsrommet» seila fram som løysinga på kva det enn skulle vera. Men samtidig som denne parolen reisast høgt av særleg ja-tilhengjarar, ser vi at handlingsrommet for dei norske folkevalde blir stadig mindre.

Sjølvsagt er det bra å utnytte alt som måtte vera av «handlingsrom» for å gjera EU sin udemokratiske og uønskt påverknad på Noreg minst muleg. Sjølvsagt bør ein utnytte dette, og eg støttar da også langt dei fleste tiltak for det. Det er mitt ektefølte håp at flest muleg kommunar og fylke og Stortinget tolkar og praktiserer regelverket og rammene frå avtalen i størst muleg grad etter eigen interesse og behov. Ved å gjera dette, vil vi få ein betre og meir lokalstyrt politikk som forheld seg til lokale behov og lokal folkevilje heller enn ordre utan- og ovanfrå. Det vil også betre debatten om EØS-avtalen, fordi vi vil få meir kunnskap om kor stort handlingsrommet faktisk er.

EØS-avtalen er ei historie om mindre handlingsrom – og om misforstått fridom. Det er ei historie om fridom til å overkøyre demokratiet, og om fridommen til å miste makt og mulegheit til å bestemme.

Fridom?
Fridom er ikkje ein uendeleg storleik, og særleg er ikkje fridom til å styre det. For når EU skal ha meir makt over kva som skjer i Noreg, og kva slags politikk Noreg skal føre, så er ein nødvendig konsekvens av det at vi som faktisk bur her og blir påverka av denne politikken, ja, vi får mindre å seie og mindre makt. Fridommen i EØS-avtalen er som revens fridom i hønsegarden.

Avtalen er også ei historie om konsekvent krympande handlingsrom. For same kor mykje ein snakkar om å utvide handlingsrommet i avtalen, kjem ein ikkje bort frå det grunnleggjande problemet: EØS-avtalen er i seg sjølv ei gigantisk innskrenking av det demokratiske handlingsrommet, av Noregs mulegheit til sjølv å styre eigen politikk.

Eitkvart demokratisk land bør ha eit veldig medvitent forhold til det å gje frå seg suverenitet eller makt over eigne politikkområde. Med Alternativ-rapporten og debatten rundt, har vi omsider nærma oss dette forholdet i Noreg. Det er tydeleg at fleire av alternativa til dagens avtale, vil gi eit meir demokratisk land der vi sjølv kan bestemme vår eigen politikk.

Det er på tide at vi nordmenn spør oss om kva som er viktigast: skal vi ha makta sjølv eller la Brussel-byråkratar ha makta over oss?