Tre av fem trur på kjeldesortering
72 prosent av befolkninga seier dei brukar returordninga for drikkekartongar. Tre av fem er trygge på at kartongane blir til nye produkt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nordmenn har tru på kjeldesortering
Det går fram av ei gransking Ipsos MMI har gjennomført.
– For kvar drikkekartong vi resirkulerer, sparer vi miljøet. Gjenvinning av kartongane er mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke, seier Jaana Røine, administrerande direktør i Grønt Punkt Norge i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Resirkulerer t-skjorter med nynorsk
150 drikkekartongar kvar
Kvar nordmann kastar 150 drikkekartongar i året. Totalt blir det samla inn over 11.000 tonn drikkekartongar som igjen blir til ny emballasje og avispapir.
Returtala for 2012 viser at 56 prosent av alle drikkekartongar i omløp vert resirkulerte. Det vil seie at det framleis er ein del å hente på at fleire nordmenn skyl, brettar og stappar alle drikkekartongane sine.