– Deilig å forlate vidaregåande

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann med tekst om press

«I verdas mest demokratiske land rår det to diktatorer som herskar over ungdommane. Dei heiter ikkje Assad eller Kim- Jong Un. Dei heiter krav og forventning.» 

Slik byrjar «Vår sak», som vann Framtida.no sin skrivekonkurranse om stemmeretten.

LES OGSÅ: Vann med innlegg om stemmeretten

Fersk student
Då Kristine Madeleine Banggren skulle skrive ein tekst om stemmeretten vart det på ein litt anna måte enn den tradisjonelle oppmodinga om å nytte stemmeretten ved Stortings- og kommuneval. Ho skreiv om ungdomspress, eit tema ho, som mange andre har kjent på kroppen. 

– Eg har alltid brydd meg om ungdom og psykisk helse og reagerer på at det ikkje har vore eit viktigare tema i valkampen, seier den ferske journaliststudenten, som gjekk rett frå studiespesialiserande line på Ringerike vgs til Universitetet i Bergen.

– Det var sjukt deilig å forlate vidaregåande. Eg kjem frå ein liten stad der det er mykje fokus på merkeklede, så det er godt å kome til Universitetet å sjå alle dei ulike folka og kleda, seier Banggren.

Uroa over lykkepillebruk
Ho meiner at medierevolusjonen og bloggarane må ta mykje av skulda for presset som rammar ungdom. Press om å vere flink på skulen, ha mange vener, vere med på mange sosiale hendingar, ha dei riktige kleda og sjå bra ut. Eit press ho vil vere ei motvekt til både gjennom bloggen sin – ein motpol til mote og mat – og vinnarteksta «Vår sak».

– Det er viktig at rosabloggarane sine krav og livsstil, ikkje vert våre krav og livsstil, meiner Banggren.

– Eg trur jenter kjenner mest på presset, men at gutar byrjar å kjenne det meir og meir, seier jenta frå Hole, som tykkjer det er urovekkjande mange unge som nyttar antideprissiva.

– 6000 ungdommar fekk lykkepiller i 2012. Det er like mange som i Hole kommune, no er Hole ein liten kommune, men det er likevel mange som vert råka av dette.

Enkelt val
Gjennom sommarjobb i Ringerike blad, mellom anna med debattsidene for ungdom, og som valbloggar for Aftenposten Si;D har ho allereie fått vore med å setje dagsorden. Noko ho vonar å gjere òg i framtida.

– Eg forstår godt at mange unge tykkjer det er vanskeleg å finne ut kva ein skal velje, for ein må vere over middels interessert for å få med seg alle debattane, seier Banggren, som sjølv tykte at valet var enkelt:

– Eg stemte Krf fordi eg tykkjer dei er flinke å sjå på folk som menneske framfor innbyggjarar.

– Ta kontroll
Og det er ikkje alltid folk framstiller seg sjølv som menneske i sosiale medium heller, der det kan synast viktigast å illustrere eit vellukka liv.

– Nokre gongar trur eg det kan øydeleggje dei fine augneblikka, meiner Banggren.

No er vidaregåande eit tilbakelagt kapittel for den ferske studenten, som har laga seg mange tankar om den tida.

– Når eg såg utover klasserommet på vidaregåande var det fullt av PC-ar, for alle har sin eigen, og mange av dei synte bloggar som Fotballfrue. Eg meiner at det er viktig at me tek kontroll over sosiale medium, i staden for at dei tek kontroll over oss.