– Vi som skal leve i 2060 må røyste

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein sal fullsett av unge veljarar debatterte politikarane frå dei ni største partia, og konkurrerte om å vinne røystene til publikum. Då var det ikkje berre ungdomssaker som sto på programmet.

– Unge røystar ikkje på ungdomspolitikk, unge røystar fordi dei brenner for verdiar og idear. Derfor meldte eg meg inn i Arbeidarpartiet då eg var ung. Den største undervurderinga av unge i dag er å tru at unge berre er interessert i ungdomssaker, sa Jette Christensen (Ap).

Klima vår tids utfordring
Debatten på Litteraturhuset spegla påstanden hennar, for det var eit rikt vell av saker som blei debattert. Mellom dei mest sentrale temaa var økonomi, klima og skule, og spørsmålet om korleis vi skulle sikre framtida til dei som er unge i dag.

Framtida var eit viktig tema for fleire av dei unge politikarane, og særskilt Mathias Fischer frå Venstre var på hogget. For han var tæringa på både oljefond og klima sentrale spørsmål.

– Sidan denne debatten er arrangert av Framtida.no vil eg snakke litt om framtida. I 2060 vil eg vere 67 år gamal som er pensjonsalder i dag. Skal eg gå av med pensjon når eg er 67 år gamal, må noko skje. For held vi fram som i dag, så er oljefondet tomt innan den tid. Då er det ikkje pensjon til meg og ikkje til dykk heller, sa han, og såg ut mot publikum.

– Det er kanskje ein pensjon til Jette og Helge Andre, om ikkje Framstegspartiet har kome i regjering før den tid og brukt opp oljefondet lenge før 2060, då, sa han, til stor latter frå salen.

Men det var ikkje berre storleiken på oljefondet han uroa seg for.

– I 2060 vil temperaturen ha stige mellom tre og fire gradar om vi held fram som i dag. Denne temperaturstiginga vil føre til ørkenspreiing, at isen smeltar og radikale klimaendringar, haldt han fram.

– Eg vil at unge skal stemme, men eg vil ikkje at det skal stemme fordi andre politikarar lovar dykk billeg sprit, raskare mopedar, at skulen skal bli betre eller at lappen skal bli valfag. Eg vil at unge skal stemme fordi vi skal leve i 2060, og det er det ikkje alle andre som stemmer som skal. Derfor må de røyste, fordi vi treng at folk som tenkjer lenger enn fire år fram i tid er med å bestemme.

LES OGSÅ: Regjeringa på løftebrotstoppen

Klima vår tids utfordring
For Kristeleg Folkeparti var det viktig å heve blikket og setje ting i perspektiv.

– Grunnen til å røyste finst utanfor dykkar kvardag. Det har blitt femten tusen fleire fattige barn dei siste åtte åra, og dei får ikkje delteke på fritidsaktivitetar eller gå i bursdagsfeiringar, sa Emil Andre Erstad.

– Eg synst det er bra at Miljøpartiet dei Grøne er her, for då blir det alltid diskutert klima. Det er vår tids største utfordring. Derfor vil vi ikkje at det skal utvinnast is opp mot Nordpolen, eller opnast for oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Dessutan må vi trappe ned oljeutvinninga, sa han.

– Verdas fattige kjem til å tape på det, om vi held fram med oljeutvinning, konkluderte han.

Miljøperspektivet var sjølvsagt viktig òg for Miljøpartiet dei Grøne. Dei meiner Noreg vil ha både i pose og i sekk, både vil drive olje utvinning og vere forkjemparar i kampen mot klimaendringar. I debatten samanlikna dei norske politikarar med Ole Brum, som seier ja takk begge delar, på spørsmålet om han vil ha honning eller mjølk.

– Ole Brum er kanskje søt, men politikarane våre kan ikkje vere kosedyr, sa Ingrid Ophaug Dahl, før ho haldt fram.

– Vi investerer alle pengene våre i prosjekt vi samstundes arbeider for å stoppe gjennom klimaavtalane. Om vi vinner fram med dei klimaavtalane vi arbeider med, kva skal vi gjere då?

QUIZ: Kva veit du om partia? Prøv parti-quizane våre her!

Ok er ikkje godt nok
For Erik Skutle frå Høgre var det viktig å understreke at det ikkje var bra nok at Noreg var eit «greit» land å leve i. Han ville ha det beste.

– De bør røyste på eit anna regjeringsalternativ fordi Noreg i dag ikkje er på sitt beste. Eg synst vi skal vere stolte av å bu i Noreg, og at vi har eit handlingsrom som er heilt unikt. Som betaling for det handlingsrommet vil eg ha verdas beste skule, eit helsevesen der ingen ventar meir enn naudsynt, og der langt fleire står innanfor enn utanfor arbeidslivet, sa Erik Skutle.

Også Framstegspartiet var oppteken av handlingsrommet.

– Eg syns vi skulle bruke mulegheita til å bygga landet no, når vi har handlingsrom. Framstegspartiet har sete førti år utan å ha handa på rattet, så no vil vi med, sa Helge Andre Njåstad.

Regjeringsalternativ etter valet var nok eit punkt på debatten. Marte Teigen i frå Raudt understreka at om ein var misnøgd med regjeringa, så trengte ein ikkje dermed å røyste blått.

For alle dei som meiner regjeringa ikkje har gjort det bra nok er det viktig å ikkje gløyme at det finst alternativ til venstre for regjeringa òg, sa ho.

VALGOMAT: Prøv partitesten vår her!

Alle vil ha betre skule
Skulen var òg eit heitt tema for debattantane. For Raudt var det sentralt å kjempe mot korleis skulen reproduserer sosiale forskjellar.

– Derfor vil Raudt ha leksefri skule, så ikkje utdanning til foreldra skal ha så mykje å seie for kva barn lærer seg, sa Teigen.

Og når skulen var nemnd var dei andre snare til å kaste seg på. Venstre meinte at det måtte blir meir attraktiv for lærarar å arbeide i skulen, medan Arbeidarpartiet meinte det var heilt greitt at lærarar som ikkje var motiverte, slutta.

Både for Høgre og Venstre var det viktig å trekke fram at Noreg ikkje gjer det godt nok på internasjonale undersøkingar, medan det for Senterparitet sin representant Alexander Fosse Andersen var viktig å få fram at norske elevar mellom anna er blant dei beste i demokrati.

Som lærar var han òg svært oppteken av kor viktig det var å gje lærarane sjansen til å bli betre, gjennom etterutdanning.

Rotne skulebygg var eit anna tema som fekk kandidatane til å kjempe om ordet.

– I lokalvalet gjekk Arbeidarpartiet i Bergen til val på å nytte pengane frå eigedomsskatten til å pusse opp skulane. Høgre gjekk til val på å ta bort eigedomsskatten, og feira med sjampanje og fyrverkeri. Vel, sjampanjen flyt framleis og skulane rotnar, sa avslutta ho.

I debatten var det mange blant publikum som hadde spørsmål til politikarane. Representantane måtte blant anna svare på skarpe spørsmål om språkleg jamstilling, likestilling og praksisen i ungdommens fylkesting. Debatten vara i to timar, nær ein halvtime på overtid.

LES SISTE NYTT FRÅ VALKAMPEN HER!

Det var til tider høg temperatur i debatten på Litteraturhuset i Bergen.

Sjå fleire bilde frå valdebatten her!