– Må følgje reglane under OL

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OL: – Må følgje reglane

Under OL i Russland vil ikkje utøvarane få vaie med regnbogeflagg eller pryde seg med regnbogefarga effektar, som har vorte kjennemerket for LHBT-rørsla. Den internasjonale olympiske komite (IOC) har nemleg ei lov mot propaganda.

LES OGSÅ: – OL ut av Russland!

– Vil oppfatast som politisk propaganda
«Ingen form for demonstrasjon eller politisk, religiøs eller etnisk propaganda er lov på nokre Olympiske område, konkurranseområde eller andre stader,» heiter det i Den internasjonale olympiske charter.

Håvard B. Øvregård er rådgjevar med ansvar for LHBT-spørsmål i Norges idrettsforbund og Norges olympiske og paralympiske komité, der han òg er leiar i prosjektet «Med idretten mot homohets».

– Uansett korleis me vrir og vendar på det, så er regnbogefargane homopolitisk, og om ein utøvar nyttar buttons eller andre effektar med regnbogefargar på, så vil det oppfattast som politisk propaganda. Under OL skal ein marknadsføra sin nasjon, og berre det, seier Øvregård til LHBT-magasinet Blikk.no.

Den opent homofile newzealandske skøyteløparen Blake Skjellerup har allereie varsla at han vil ha ein regnbogefarga button på under opningsseremonien, noko han er klar over at er mot regelverket.

LES OGSÅ: Reykjavik vil bryte med Moskva

Neglelakkprotest
I forkant av OL i Sotsji 2014 har fleire utøvarar protestert mot Russland si lov mot homofil propaganda. Her heime har snowboardjentene laga sin eigen protest.

Dei svenske utøvarane høgdehoppar Emma Green Tregaro og sprintar Moa Hjelmer har fått mykje internasjonal merksemd for sine regnbogefarga negler i konkurransar.

President i Sveriges olympiske komité, Stefan Lindeberg, har gått ut og sagt at slike protestar ikkje er akseptabelt frå deira utøvarar under OL i Sotsji, ifølgje Dagens Nyheter.

– Eg har ikkje sett noko eige regelverk som gjeld negler og neglelakk, seier Øvregård, men presiserer at ingen form for kommersiell eller politisk propaganda er lov.

Flagget, namnet på landet og eit klesmerke er det einaste utøvarane kan ha på draktene sine.

Det internasjonale samfunnet har lagt press på Russland for å oppheve antipropagandalova, utan å lukkast. Russland har likevel innsett at dei er nøydd å oppheve lova under OL, slik at utøvarar og tilskodarar ikkje vert straffa for å vere open om legninga si.

Gerhard Heiberg i IOC, har tidlegare gått ut og bedd utøvarane gløyme alle formar for protestar under sjølve leikane, men før og etter står dei fritt.

LES OGSÅ: Kan verte lov med homofile ekteskap i Thailand

Erfaringar frå Beijing
Omdiskuterte OL-vertsland er ikkje noko nytt. Òg i forkant av OL i Beijing i 2008 var meneskerettar eit sentralt tema.

– Menneskerettsdiskusjonen rundt OL i Beijing kom opp mykje tidlegare i forkant av leikane, i motsetnad til diskusjonen me no har om OL i Sotsji, peikar Øvregård på.

I forkant av OL i Beijing utarbeidde Olympiatoppen «En juridisk vurdering av IOC Charteret i forhold til politiske ytringer under OL/Paralympics».

Øvregård fortel at Idrettsforbundet den gong ynskja diskusjonar, og hadde møte med ulike menneskerettsaktørar, som Amnesty International Noreg. Utøvarane fekk informasjon om Amnesty og kunne delta i Amnesty sin Kina-kampanje, så lenge dei ikkje nytta OL-symbol eller demonstrerte i OL-perioden, som startar før og sluttar etter sjølve leikane. Samstundes var dei klåre på at forbundet ikkje skulle drive utanrikspolitikk.

– Eit liknande regelverk vil gjelde for OL i Sotsji, seier Øvregård.

LES OGSÅ: Krev nasjonal folkeavstemming om Oslo-OL

Ikkje sensur
Viktig er det at norske utøvarane ikkje skal ikkje skal verte sensurerte i intervjusamanheng.
– Svarar ein utøvar under leikane i Sotsji på direkte spørsmål om menneskerettar, så vil ikkje me hindre det, seier Øvregård til Blikk.no, og legg til:

– Men norske utøvarar må følgje regelverket for OL, som seier at ein ikkje skal nytte leikane som ein arena for politisk eller religiøs propaganda, seier Øvregård.