Berre bullshit

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvanna veke med fyll og faenskap i samband med fadderveke og studiestart er unnagjort. Eg vaknar opp til ein norsk valkamp som stormar mot meg i fjernsyn, radio og riksaviser. I bakrusen er det nesten så ein trur overskriftene i tjukt blekk som blir smurt utover avissidene. Dei seier at viss ein ikkje røyster riktig no så går det lut til helvete med alt saman. I år er eg andregongsveljar, så eg får nok aldri den fine kjensla av å utføre fordømt borgarplikt for første gong igjen. Eg førehandsrøysta i heimbygda den gongen. Traska krokbøygd ned på rådhuset og sa til dama i resepsjonen at eg gjerne ville røyste. Dama reint lyste opp og tykte det var så kjekt at her kom ein ungdom for å røyste fram bygdas fremste menn. Lite visste ho at eg røysta blankt. Men når ein ser kor fæle dei borgarlege meiner at dei raudgrøne er, og kor fæle dei raudgrøne meiner «de blå-blå» er, så er det kanskje tryggast for oss alle å gje blanke, bokstavleg tala. Skal ein byrje å tru den verste propagandaen den blå og raude draken spyr ut i retning av kvarandre, så er einaste vona for oss enkle kvardagsmenneske å pakke saman pikk og perleskrin og emigrere fortare enn fant så snart valet er over.

Det er ikkje lett for ein jomfrueleg, halvvegs danna ung mann å vurdere dei ulike partia frå studentkvisten. Samrøringa mellom politikk, PR-industri og populærkultur har kulminert i ein politikarstand som minnar meir om sleske bruktbilforhandlarar og ivrige dørpredikantar enn heile landets tillitsvalde. I møte med politikarprat og den irriterande forenklinga av røynda, som alt partipolitisk engasjement kviler på, kan livet for ei tid kjennast tyngre enn elles. Har du òg det slik, vi vil eg tilråde filosof Jon Hellesnes sitt essay «Ulike tilnærmingar i bullshit-granskinga» frå samlinga Det femte monarki (2010). For det er bullshit som er årsaka til den totale forvirringa og meiningsløysa som møter ein kritisk tilhøyrar av debattane i media. Det er bullshit det dreier seg om når du lurer på kva det er dei styla og straumlinjeforma politikarane faktisk seier for noko.

Ifølgje Hellesnes fører bullshit til at det meiningsfulle i meiningsutvekslinga (altså det rasjonelle) forsvinn til fordel for noko anna. «Språket blir grått i den tydinga at det manglar avgjerande kontrastar» skriv han om bullshiten. Ein kan jo til dømes lese partiprogramma til våre mest populære politiske grupperingar på Stortinget. Mykje av det som står skrive er utsegner så rundt formulerte og generelle at det er umogleg å seie seg usamd i det, og denne tendensen kjem òg til uttrykk i det politiske ordskiftet. Kven er vel usamde i at det skal skine av eldreomsorgen eller at læraren er viktig i norsk skule? Slike utsegner er bullshit fordi dei ikkje seier nokon verdas ting. Det går ikkje an å seie seg usamd i, men ein kan eigentleg ikkje heller vere samd, av same grunn som at ein ikkje kan vere usamd: fordi utsegner som desse ikkje har noko eigentleg innhald, men er heilt nøytrale ytringar, maskert som rasjonalisme, men i løynd lagt i ein søt lake av kjenslesterke, språklege bilete som under overflaten er heilt blotta for brodd.  Hellesnes held fram omgrepet «vondskapens akse» som eit typisk døme på bullshit. Bullshiten ligg i at det er kjensleprega og assosiativt, snarare enn rasjonelt og konkret. Omgrepet er tømd for fornuftig, erkjenneleg meining, men er sprekkferdig av konnotasjonar. Ordet «akse» sender tankane til Hitler, antisemittisme og utryddingsleirar. Kombinert med «vondskap» får omgrepet ein nesten bibelsk dimensjon som passar perfekt inn i dei amerikanske haukane si overtyding om den amerikanske eksepsjonalismen. Om Sambandsstatane som eit unntak i verdshistoria, eit fyrtårn av godleik i verda som spreier sitt moderne lys til kvar ein bakomliggjande krinkelkrok på jordkloten. Demokratiets demagogar bryr seg ikkje om eit slikt syn er sant eller ikkje så lenge folkehopen trur det er slik. Dei bryr seg ikkje med objektive sanningsverdiar. Sanning er berre bullshit for dei. For maktens menn er sanninga synonymt med fleirtalet i ei meiningsmåling. I deira hovud finst ikkje sanninga som ein rasjonell, moralsk kategori,

men er redusert til noko instrumentelt og i yste instans uviktig.

Eit nærliggjande døme på bullshit i norsk politikk er krigen i Afghanistan, som byrja som ein krig mot terror. Når ein skjønte at krigen i Afghanistan ikkje kunne vinnast, argumenterte ein for det norske militæret nærværet og ofringa av norske gutar med demokrati og kvinnerettar. Som Hellesnes sjølv peikar på er krigen mot terror («war on terror») eit omgrep ladd med kjensler. Ein assosierer det med 9/11 og mørkskjegga fundamentalistar. Men ein skal ikkje gløyme at han som er terrorist for ein mann, kan vere martyr for ein annan. Dersom målretta åtak på uskuldige sivile og barn er å rekne som terrorisme, så finst det nok mange terroristar i dei amerikanske hærstyrkane. Dei lysskye politiske strategane veit sjølvsagt at ein ikkje kan rettferdiggjere nærværet i Afghanistan eller andre stader ut frå den røynda som krigen eigentleg er.

Dei fleste av oss er ikkje i stand til å mønstre ein kritisk reaksjon mot den kjenslemetta ordbruken om skulegang for småjenter og vern om demokrati. Jamvel om det eigentleg er snakk om ein krig der titusenvis av menneske har blitt rivne bort frå livet for ingenting. Det som blir sagt om krigen er korkje sant eller usant, men romantisk meiningsløyse som ikkje er enkel å gjennomskode for meinigmannen i dei vestlege demokratia.

 

Trass i at bullshiten har blitt meir synleg dei siste tretti åra har han vore her i ulike former heilt sidan mediesamfunnets første fødselsrier. Frå den første verdskrigen kjenner me ein vidløftig, patos-infisert dødspropaganda som oppmodar soldatane om å ofre seg for det uskuldsreine moderlandet, for nasjonen og kulturen. Ord som i den tidas tankeklima greip tak i gutehugen til unge menn overalt og kasta dei inn i avgrunnsgapet ved skyttargravene i Somme og Verdun. Bullshiten blir ikkje borte, den tilpassar berre den geléaktige bodskapen sin til ei ny tid. No er det demokrati og menneskerettar som rettferdiggjer rovmord og bestialitet, heller enn fedrelandet sin rett og overleving. Men resultatet blir framleis det same for dei som får bajonettane retta mot seg.

At bullshiten no har ein meir framskoten plass i medielandskapet er eit resultat av at bullshiten er hekta fast til den tabloide samtidspressa si fargerike karnevalsvogn. Sensasjonelle nyheiter med skandale, overflatekjensler og såpereine glamourbilete har bullshit som ein av sine hovudingrediensar. Fokuset i politikken på kjensler og inntrykk snarare enn rasjonalitet og fornuft er ei alarmerande utvikling av norsk politikk i amerikansk lei. Følgde ein med førre gong det blei heldt primærval i Sambandsstatane, er det forvitneleg kor fokusert media og opinionen var på politikarane som privatmenneske. Ein passande president må for all del ha eit lytefritt familieliv, vere kristen og behandle kjæledyra sine med kjærleik. Som om sivilstatusen skulle ha noko å seie for korleis ein statsleiar utfører embetet sitt. At ein person som er skilt, bifil og utan nemneverdig gudstru liksom skulle gjere ein dårlegare jobb enn ein konform overklassefaen, er vanskeleg å skjøne. Men slik er det. I valkampen her heime har ein sett oppslag om Erna Solberg sin årlege julegløgg med venner, som om det liksom skulle ha noko å seie at ho inviterer venninnene sine heim til seg i juletida og har eit hushald som berre er sånn passe ryddig. Sist var det vel Knut Arild Hareide som først tok med seg det nyfødde barnet sitt på landsmøtet til KrF, før han toppa sirkusnummeret ved å invitere eit servilt norsk pressekorps på kaffi og vaflar heime hjå foreldra på Bømlo. Denne vektlegginga av det private og det tabloide er alvorleg, fordi det er ei undergraving av det seriøse og rasjonelt målberande ordskiftet, som djupast sett er sjølve livsnerven i eitkvart demokrati.

Gjennom sitt knefall for kjensler, intuisjon og høgstemde frasar er politikken i ferd med å nærme seg eit poetisk språk i den forstand at han nett som poesien ikkje alltid følgjer eit rasjonelt skjema, men blir heldt oppe av assosiasjonar, løynde tankesprang og ein ordbruk som appellerer til det sanselege og intuitive. Men der den moderne poesien har ein kunstnarleg og i einskilde forfattarar sitt høve ei ideologisk eller språkfilosofisk overtyding for rørsla i retning av eit språk som går bort frå den rasjonelle overbygningen som daglegdags prosaspråk er avhengig av, er den same utviklinga i politisk ordveksling eit retorisk grep klekt ut av samfunnets skuggemenn for å narre vanlege menneske og destruere demokratiske prosessar. Kanskje ein, inspirert av poesien, kan kalle den framveksande politiske retorikken for eit språkgitter.

Eg trur ikkje det politiske språket kan reddast frå seg sjølv. Og om nokon likevel skulle freiste eit bergingsforsøk er eg redd politikarane sjølve ville nekta for at ryggraden i dei vestlege demokratia er i ferd med å krummast. Det eg fryktar er heller at denne stadig ekspanderande retorikken skal kringkaste seg inn på andre område, og såleis innskrenke våre liv. Kva om ordbruken som politikken eksponerer oss for fører til at me byrjar å bruke dei same tomme omgrepa oss menneske i mellom? Det får meg til å tenkje på dei gamle greske filosofane, som var så opptekne av å utgreie den eigentlege tydinga av språklege omgrep me nyttar i daglegtale. Og kanskje er det først no eg innser kor viktig det er å stille spørsmål om kva velbrukte ord og omgrep tyder. Tenk om me har handsama den klassiske arven vår så dårleg at me ein dag ikkje ein gong klarar å halde ein meiningsfull samtale om kva kjærleik, sanning eller rettferd er, fordi me har grave oss ned i ein skithaug av språkleg svada.

Eg får ei sjølvtilfredsstillande kjensle av å avsløre maskespelet som går føre seg i media og på den politiske teaterscena. Men eg trur ikkje det er den gode kjensla av å ha gjennomskoda eit komplott eller løyst ei krimgåte med tusen lause trådar. Det minnar meir om den kvalmen og ubehaget du  opplever etter å ha oppdaga at kjerringa di knullar gartnaren eller når du innser at det er sonen din som er skuld i at nabokatta er borte. Men eg har i det minste fått utløp for mykje av den frustrasjonen som den politiske apeleiken vekkjer i meg. Det står berre att å finne ein av desse stadene der ein kan førehandsrøyste på eit av partia som opportunistane i løvekjeften åtvarar mot, så som Raudt, Dei Grøne eller kanskje Dei Blanke i år igjen. Antikrig og miljø, det er gildt. Båe parti er så urøynde og lite fjetra av realpolitikken sin søte rus at dei fortener ein røystesetel frå den studerande Hr. Bjørnevik si hand. Og så, når borgardåden er utførd, kan eg gå i kjøleskapet etter ein kald proletar-øl (Tuborg), telje dagane fram mot valdagen og tenkje på den frelsande togna som senker seg i etterdønningane av ein avslutta valkamp.

Først publisert på Magasinett!