Sverige mest berekraftig i verda

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sverige mest berekraftig

Noreg er rangert som verdas femte mest berekraftige land, i rapporten frå RobecoSAM. Med det må me sjå oss slått av både topplandet Sverige og Danmark på fjerdeplass.

LES OGSÅ: Sverige er nest best

Velferd og streik
Rapporten, som er gjort av ei sveitsisk investeringsgruppe, siktar mot å avgjere kor gode investeringsmarknader landa er, på bakgrunn av faktorar som miljø, levekår og styresett.

Rapporten omfattar i alt 59 nasjonar, der 21 er i-land og 38 er marknadar på veg oppover.

I rapporten er det 17 faktorar som indikerer kor bærekraftige landa er med tanke på miljø, sosialordningar og styresett.

Av miljøfaktorar har forskarane sett på mellom anna utsleppsmengda og energiforbruket i dei enkelte landa. Dei sosiale faktorane består av velferd, utdanning og talet på streikar i arbeidslivet.

LES OGSÅ: For det fyrste har dei ein velferdsstat utan olje

Føregangsnaboar
Spesielt på miljø vert Sverige trekt fram som eit føregangsland med sine låge utslipp og bruk av fornybar energi.

Styresett har størst tyngd i rapporten, som har sett på mellom anna på demokratisk deltaking, rettar og fridom, korrupsjon og stabilitet i styresettet.   Felles for landa som merkar seg ut i toppen er at dei skårar høgt på styresett.

Australia får andreplassen på lista, følgd av Sveits.

Aller nedst på lista finn ein Nigeria, følgd av Egypt og Venezuela.

Faktaboks

Topp ti:

  • 1. Sverige
  • 2. Australia
  • 3. Sveits
  • 4. Danmark
  • 5. Noreg
  • 6. Storbritannia
  • 7. Canada
  • 8. Finland
  • 9. USA
  • 10. Nederland