Raudt Rapvalg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg fann ut verda ikkje hadde vore så bra om ho var full av slike som meg, seier Malin Michelle Næss.

LES OGSÅ: – De er framtida

Førstegongsveljar
Med slike som meg, meiner ho folk som ikkje nyttar stemmeretten sin.  Ved førre stortingsval stemte berre 57 prosent av alle førstegongsveljarane, Michelle var ikkje mellom dei. I år er første gong 22-åringen skal stemme. Ho er jo trass alt finalist i Rapvalg 2013, ein låtkonkurranse som skal få kidsa til å stemme.

Det er i kveld det gjeld, når Michelle November, som artistnamnet er, og Flexi  Aukan står på scena på Blå i Oslo, i tillegg vert finalen sendt live på nett.

For Michelle byr ikkje konkurransen berre på ein sjanse til å få nye kontaktar i musikkverda og ein sjanse til å vinne 100.000 kroner, det betyr at ho har vorte meir politisk bevisst.

– Eg prøver å vere engasjert, men det er mykje å setje seg inn i. Eg har aldri brukt å lese aviser eller sett nyheiter, fordi eg tykkjer det er så mykje elendigheit, fortel Michelle.

– No har eg lest litt og teke litt testar for å setje meg inn i det, og eg får opp Raudt på testane.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

– Tenkje så stort at ein vert flau
Og Raudt vert det på valdagen den 9. september.

– Eg likar verdiane deira, om å hjelpe andre framfor dei blå som berre tenkjer på skatt og formueskatt, det vert for snevert.

At høgresida vil kutte ut midlar til kultur og musikk, gjer dessutan valet enklare for ei Sandefjordsjente som har som mål å erobre verda med musikken.

– Ein må tenkje så stort at ein nesten vert flau av det sjølv, seier Michelle November, som har vald artistnamnet med tanke på den internasjonale marknaden.

LES OGSÅ: Politikk og Paradise

Teksta fortset under biletet.

 
Michelle valde artistnamnet nettop fordi ho er fødd i november.

Facebook-kampanje
Ho hadde eigentleg planar om å delta i Rapvalg med ei eiga låt, men før ho rakk å kome så langt med den ideen, opna moglegheita seg for eit samarbeid.

– Eg var innom Flexi Aukan i studio og høyrde på låta. Ho gjekk veldig inn på meg, sidan eg har hatt vener som ikkje er her lenger, som sleit med nettopp dette, så eg byrja å nynne med, fortel Michelle.

«Boble» handlar om å sjå vener verte offer for rusmisbruk. Deltakarane har vore frie til å levere inn bidrag som handlar om samfunnsrelaterte eller politiske tema. 113 bidrag – om alt frå silikonpuppert til stemmerett og innvandring- kom inn frå heile landet, 34 av desse vart lagt ut på internett slik at publikum fekk stemme.

– Eg plaga Facebook-venene mine mykje med at dei måtte stemme, smilar Michelle.

Strategien fungerte tydelegvis, og det skulle berre mangle. Ho har trass alt skrive ei skuleoppgåve på studiet sitt i Marknadsføring om onlinestrategi for å promotere Michelle November.

LES OGSÅ: – Å stemme er engasjement

Mange rapstemmer
Ho er ein av to jenter i finalen. Det er lite, men jentedeltakinga er faktisk rekordstor i år, samanlikna med tidlegare. Det er ikkje den einaste rekorden årets Rapvalg har slått.

– Me har fått inn om lag 26 932 stemmer frå publikum og har hatt rekordmange deltakarar, fortel prosjektleiar i Rapvalg Aki de Leon, som trur det vert ein spanande finale.

Han er stornøgd med dei mange gode og engasjerte tekstane som har vore med i konkurransen. Ved kommunevalet om to år vert det ein ny runde med Rapvalg.

– Eg skulle gjerne sett at ungdommane i tekstane sine utfordra partipolitikken endå meir direkte. Eg vonar at det dei har lært gjennom å mobilisere engasjement og få folk til å stemme på musikken, kan overførast til det å påverke politikken nasjonalt, seier de Leon.

Nyttar stemma
At Michelle har sjansen til å vinne 100.000 kroner har ho ikkje heilt innsett enda. Om Michelle November og Flexi Aukan vinn skal dei nytte pengane til to ting:

– Ein liten fest og musikk.

Til no er musikken meir eit pengesluk enn ei inntektskjelde for Michelle, men ho gjer ikkje dette for å verte rik. Uansett kan det hende at hobbyen vert noko meir utover hausten. Nyleg var ho på Kanariøyene og spela inn to musikkvideoar. I september kjem hennar første debutsingel «Marry the night», etterfølgt av ein EP.

Men før stemma kjem på radio skal Michelle nytte stemma si på Rapvalg 2013 og på valdagen 9. september.

Faktaboks

Rapvalg 2013

  • Har som mål å få unge til å nytte stemmeretten ved årets stortingsval.
  • Ein låtkonkurranse for ungdom opp til 35 år.
  • Open for alle sjangrar. Tekstene må handla om noko samfunnsrelatert.
  • 113 songar kom inn frå 15 fylker.
  • 13 finalistar deltek i finalen 29. august.
  • Vinnaren får 100.000 kroner.
  • Støtta av mellom adre Fritt ord og Stemmerettsjubileet.

Kjelde: Rapvalg.no