Nesten alle seier nei til EU

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre 19,2 prosent støttar norsk EU-medlemskap. Neisida har fleirtal i alle landsdelar, aldersgrupper og utdanningsnivå. Heller ikkje i noko parti er det EU-fleirtal. Mest positive til EU er Høgre-veljarane. Der seier 60,8 prosent nei. Knapt ein tredel vil melde Noreg inn i EU.

Det kjem fram i den ferske EU-målinga frå Sentio, gjort på oppdrag frå Nationen og Klassekampen.

– EU-medlemskap er ikkje aktuelt i neste stortingsperiode uansett, seier Torbjørn Røe Isaksen i Høgre til Klassekampen.

KOMMENTAR: Det handlar om så mykje meir

Av dei fire borgarlege partia er det berre Kristeleg Folkeparti som seier klart nei til EU. Medan Høgre ønskjer å sende ny EU-søknad, tek verken Venstre eller Frp stilling i spørsmålet. Det gjer veljarane til partia. 80 prosent av Frp-veljarane og 66,6 prosent av Venstre-veljarane seier nei til norsk EU-medlemskap.

Mest EU-kritiske er veljarane til Raudt der neisida har ein oppslutning på 100 prosent. Hakk i hæl følgjer Sp med 94,3 prosent nei og SV med 85,4 prosent. (©NPK)