Ville tidobla støtta til korps

Førstegongsveljaren: David Hveem frå Østre Toten tykkjer partia sklir meir og meir saman, og er sjølv i tenkjeboksen framfor stortingsvalet.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, antakeleg vis, svarar David Hveem, på spørsmålet om han vil nytte stemmeretten ved stortingsvalet til hausten.

Kvifor vil du stemme?
– For å vere med å bestemme korleis landet skal styrast, og for å støtte det partiet eg meiner representerer dei meiningane eg har i forhold til politikk. 

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
– Ja, eigentleg! Føler alle partia sklir meir og meir saman, og har ein god del felles politikk og at det derfor blir vanskelegare å skilje mellom dei. Men likevel må ein jo berre finne det partiet ein føler seg "mest heime i". 

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?
– Er framleis i tenkjeboksen.

Kva saker er viktige for deg?
– Skule, samferdsel og kultur, først og fremst

Kven påverkar deg i valet av parti?
– Politikarane sjølve, reknar eg med. Naturligvis også vener og familie, men då først og fremst ved at høve til å diskutere politikk er nyttig for eigen refleksjon.

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?

– Tja, delvis. Språket i seg sjølv er stort sett heilt ålreit og lettfattelig, men synes til tider det blir alt for mykje tomprat frå politikarar.

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?
– Begge delar

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
Eigentleg ikkje. Har sett meg alt for lite inn i kva kvar einskild politikar meiner, då eg har meir enn nok med kvart einskild parti!

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
– Veit ikkje

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?

– Litt usikker, men trur det er sunt med litt variasjon i kven som sit i regjering

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
Vedtake skule- og jernbanepolitikken til Høgre. Og tidobla støtta til korps!

Faktaboks

Namn: David Hveem
Alder: 19
Kjem frå: Østre Toten
Skule: Ferdig på Gjøvik Videregående, NTNU til hausten
Hobbyar: Musikk

Les intervju med fleire førstegongsveljarar her!