Treholt-opptaka kjem måndag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er NRK som fysisk har fått låne dei originale lydbandopptaka frå den delen av rettssaka som gjekk for open rett.

LES OGSÅ: Kofferten var full av pengar

Søksmål vann fram
Arbeidet med å digitalisere dei 92 kassettane starta denne veka, og NRK vil gjere materialet tilgjengeleg i tre omgangar med første bolk måndag, opplyser Norsk Redaktørforening.

Det er først og fremst medium som var med på søksmålet om innsyn, som får tilgang til materialet, og NRK understrekar at deira eigne redaksjonar ikkje får noko forsprang.

Samla blei det tatt opp 263 kassettar med 175 timars lyd frå rettssaka. Pressa har bedt om innsyn også i dei delane som er tatt opp under den lukka delen av rettssaka. Borgarting lagmannsrett skal ta stilling til kravet i haust.

Dømd for spionasje
Arne Treholt var byråsjef i Utanriksdepartementet då han blei arrestert og dømt i 1985 til 20 års fengsel for spionasje til fordel for Sovjetunionen og Irak. Han har to gonger forsøkt å få saka gjenopptatt, utan å få det til.

Treholt fekk ettergjeve straffa og lauslaten i 1992 av helsemessige grunnar, etter å ha sona åtte år og fem månader av dommen.