Kofferten var full av pengar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KOMMENTAR: Før hysteriet tek overhand: Om den eventuelle granskinga til attopptakingskommisjonen konkluderer med at pengeprovet er manipulert, så har den norske rettsstaten fått eit sår, men på ingen måte eit banesår. At overvakingspoliti i vestlege land var prega av ein machokultur og manglande respekt for menneskerettar og rettsstatlege prinsipp under den kalde krigen, er då ikkje noko nytt. Eit verkeleg problem har vi fyrst den dagen det vert prova at den eventuelle ukulturen som prega Treholt-overvakarane, også pregar dagens overvakarar.

Bør Treholt så få taka opp att saka om granskarane konkluderer med at overvakingspolitiet har manipulert bileta og penge­provet? Isolert sett meiner eg faktisk at svaret her er nei: Det bør langt meir til for at ei sak skal verta teken opp at. Ei sak bør berre takast opp igjen om det vert reist grunnleggjande tvil om grunnlaget som ein dom kviler på.

Manipulerte pengebilete er i dette tilfellet ikkje i nærleiken.

Treholt tilstod

Ein repetisjon: Kva veit vi? Kva var Treholt, Lagmannsretten, forsvarsadvokatane, overvakingspolitiet og statsadvokatane samde om? Det kan vi lesa i politiavhøyra, rettsreferata og domen. Den 19. august 1983 var Treholt i Paris. Etter fyrst å ha forklåra seg om at han hadde 3–5000 dollar i kofferten då han kom til Paris, fortel han om eit møte med irakaren Rahid Mohammed. «Under møtet med Mohammed fikk siktede 20 000 dollar.» («Siktede» er her Treholt, som vert referert i tredje person, men det er Treholt som fortel.) Så dreg Treholt til Wien der han fortel at han fekk reisepengar frå KGB-kontakten Titov og vann litt austerrikske schilling på kasino, pengar han vekslar inn i amerikanske dollar. Deretter dreg Treholt heim att. Kor mykje pengar landar han på Fornebu med? Forsvarsadvokat Arne Haugstad referer: «Summen av reisekassen, refunderte utgifter og 20 000 dollar frå Mohammed anslo han til 26–27 000 dollar, som han hadde med seg til Oslo.»

Så er det at overvakingspolitiet eventuelt har gjort noko gale. Dei skal ha manipulert mengda med dollar: «Ved ny ransaking av tiltaltes leilighet 22. august 1983 fant politiet i samme attacékoffert nærmere 30 000 dollar i kontanter», står det å lesa på side 66 i domen. Skilnaden på summen Treholt gjev opp, og summen politiet gjev opp, er altså maksimalt 4000 dollar.

Pengane er nok

Med andre ord: Både retten og Treholt legg til grunn at han hadde med seg om lag 30.000 dollar til Noreg. Retten trur derimot ikkje at han fekk 20.000 dollar frå Irak, men at hovudbolken av pengane kom frå Titov. Men, skriv domarane, også på side 66: «En eventuell annen fordeling mellom de to etteretningstjenester ville heller ikke i dette tilfellet få noen rettslig betydning idet retten finner bevist at det totale beløp var betaling for straffbar etterretningsvirksomhet.»

Kva er det Lagmannsretten seier her: Jau, det er dette at Treholt har teke imot ein så stor sum som er det avgjerande. Dette knyter retten vidare til det faktum at Treholt mellom anna hadde ein løynd sveitsisk konto som det stod tilsvarande 1,1 millionar norske kroner på, og som retten meiner han ikkje har nokor legitim forklåring på. Retten er trygge på at Treholt har tent gode peng­ar på å spionera. For å seia det rett ut: Om politiet har manipulert ein koffert og fylt han med 30.000 dollar, har det så godt som ingenting å seia for domen i Eidsivating lagmannsrett. For Treholt har i alle høve tilstått at han hadde nær 30.000 dollar i kofferten.

Ikkje som i USA
Kva måtte eventuelt til for at retten skulle sjå bort frå pengeprova? I det amerikanske rettssystemet, som altfor mange norske journalistar er prega av gjennom fjernsyn og film, kunne vi ha tenkt oss at ein jury ikkje fekk høyra om mottaking av pengar. Då måtte nok slikt som dette ha skjedd: Politiet tek bilete av ein koffert full av pengar og syner biletet til tiltala, som i møtet med dette manipulerte «provet» tilstår å ha motteke peng­ane. Når domaren så får vita at dette har hendt, konkluderer han med at tilståing ikkje kan leggjast fram for juryen (det er mykje meir komplisert enn dette, men hovudprinsippet er at prov vert lagde bort ved ulovleg innhenting eller manipulering).

I norsk rett er det ikkje slik. Hovudprinsippet i norsk rett er at domarane skal vurdera prova uav­hengig. Om politiet får tak i prov ulovleg, skal politiet straffast, men det er ingen automatikk i at provet i seg sjølv vert av­­skore.

Om Treholt får saka teken opp att på grunn av opplysningane som er komne fram dei to siste vekene, er det av di Riksadvokaten eller attopptakingskommisjonen gjev etter for press. Eg kan sjå at det er politiske og ålmennpreventive grunnar til at det må verta slik; jus er aldri isolert frå samfunnet elles. Men om Treholt både får saka teken opp att og vert frikjend på grunn av mediestøyen rundt «pengeprovet», har vi eit verkeleg stort problem. Då har vi ein rettsstat som ikkje maktar å stå imot presset frå dei som har ressursar til å pressa. Men dit har eg inga som helst tru på at vi kjem. Det norske retts- og påtalestellet toler mykje meir enn dette.

Når det er sagt: Det kan vera gode grunnar til at heile saka bør takast opp på nytt: Den kalde krigen og regjeringa Willoch låg tungt over vatna i 1985. Å lesa medieoppslaga frå den tida vitnar om eit hysteri utan sidestykke i nyare norsk historie. Men eit manipulert «pengeprov» er altså ikkje nokon grunn i seg sjølv til å taka opp att saka.

Treholt-saka er prega av skort på kalde hovud, både i historia og i notida.

LES HEILE DOMMEN!

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.