Meiner TV2 ekskluderer døve

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV2 meld til Medietilsynet

Leiar i Norges Døveforbunds Ungdom, Ingvil Larsen Skjong, er redd den manglande tekstinga på TV2 kan gå ut over valdeltakinga blant høyrslehemma.

– Døve og høyrslehemma som ikkje får delta i samfunnets politiske spørsmål på lik line med andre menneskejer missar interessa for å følgje med på politikk, og kan velje å ikkje stemme under valet fordi dei ikkje føler dei har fått med seg nok av det dei ulike partia står for, meiner Larsen.

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve!

Mange hørselshemma
Ho peikar på at over 700 000 personar i Noreg nyttar tekst i større eller mindre grad for å få med seg kva som vert sagt på tv.

Kommersielle kanalar som har meir enn fem prosent av publikumsdelen skal tekste direktesendte program mellom klokka 18 og 23, dersom det er praktisk mogleg, står det i Kringkastingslova.

Denne lova meiner Skjong at TV2 bryt.

TV2 på si side skriv i eit brev til Medietilsynet at det ikkje er praktisk mogleg å tekste desse sendingane.

LES OGSÅ: Skal vi ha dubbing eller teksting?

Gamal kamp
Dette er langt frå første gong miljøa for høyrslehemma i Noreg har klaga på den største kommersielle tv-kanalen si tilrettelegging. I fjor arrangerte Pensjonistforbundet, Hørselshemmedes Landsforbund og Norges Døveforbund ein demonstrasjon for å få TV2 til å ha meir tekst.

Kommunikasjonsdirektør i TV2 Rune Indrøy fortel at det ikkje er av vond vilje, men av økonomiske grunnar dei ikkje tekstar dei direktesendte debattane.

– Me tekstar i utgongspunktet alt førehandsprodusert materiale. Men skulle me ha teksta på manuelt på direkten, slik som NRK gjer, hadde det kosta oss rundt 25 årsverk, seier Indrøy.

Han er einig i at det er viktig for høyrslehemma å få med seg debattar i forkant av valet.

Indrøy forklarer at TV2 har freista, men ikkje lukkast, med å finne tilfredstillande løysingar på direkteteksting som let seg gjere utan for store kostnadar. For ei tid sida tok Kulturdepartementet initiativ til å sjå på om automatisert direkteteksting var mogleg, men fann at dagens teknologi ikkje var god nok.

LES OGSÅ: Krev ikkje teksting på nynorsk

– Ekskluderande
Partileiardebattane på TV2 vert heller ikkje sendt i reprise, slik at høyrslehemma kan sjå dei i ettertid med tekst.

Ingvild Larsen Skjong meiner at økonomi ikkje er noko god unnskyldning.

– Det er skammeleg av TV2 å bidra til ein slik eksklusjon av mange nordmenns deltaking i samfunnet og mogelegheita til å delta i debatten rundt politiske spørsmål som er høgaktuelt for mange nordmenn i desse tider, meiner Skjong.