Ingen vil snakke om det, men Senterpartiet kan sjå graset på borgarleg side som grønast etter valet, meiner professor Frank Aarebrot.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Det er uskjøneleg at ein gløymer kva rolle Sp kan spele etter valet. Det er faktisk ikkje umogleg at dei kan hamne i ei ny, ikkje-sosialistisk regjering, seier valforskaren til Vårt Land.

LES OGSÅ: Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

Historie med konfliktar
Han ser dette som eit openbert tema, så lenge Siv Jensen ser bort frå ei borgarleg regjering utan Frp, og Venstre og KrF så godt som ser bort frå at dei vil regjere med henne. Han meiner Sp raskt vil bruke den fristilte rolla dersom det raudgrøne samarbeidet blir oppløyst av valresultatet.

Sjølv om Senterpartiet og Høgre har ei historie brulagt med konfliktar, trur han førstnemnde raskt vil manøvrere seg til sentrum. Og då kan dei saman med KrF og Venstre til saman bli større enn Frp.

LES OGSÅ: Sp: Brunosten dyrare med Høgre

Vil ikkje snakke om plan B
– Om Høgre vel mindretalsregjering med Frp, vil det vere urimeleg for ei sentrumsblokk med atskilleg fleire mandat å vere støtteparti for noko slikt. Trur ein verkeleg at Sp vil sitje stille i Stortinget, og sjå på at Frp og Høgre går i gang med å kutte og snu i landbrukspolitikken? Nei, Sp er eit særinteresseparti som vil ha ei hand på rattet, meiner Aarebrot.

Ingen i Sp ønskjer å snakke om nokon plan B, men avtroppande parlamentarisk leiar Lars Peder Brekk sa til Nationen i vår at han ikkje ser bort frå at ein slik konstellasjon er mogleg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

ANNONSE