Klimapanel skuldar på menneska

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utkastet til oppsummeringa av rapporten til IPCC avviser påstandar den siste tida om at tempoet i klimaendringar er gått ned, slik klimaskeptikarane hevdar.

LES OGSÅ: Unge har blitt meir opptatt av klima

Svært sannsynleg
«Det er svært sannsynleg at menneskeleg påverknad på klimaet er årsaka til over halvparten av auken i gjennomsnittleg temperatur som er observert mellom 1951 og 2010,» heiter det i eit avsnitt av den lekne rapporten.

«Det er stor sannsyn for at dette har varma opp hava, smelta snø og is, heva havnivået og ført til endringar i klimaet i siste halvpart av førre hundreår,» heiter det vidare i rapporten, som New York Times refererer.

LES OGSÅ: – Bøndene bør bruka klimaendringane

Havet kan stige ein meter
I verste fall kan havnivået stige med nesten éin meter innan 2100, heiter det i rapporten. Ein talsmann for klimapanelet, Jonathan Lynn, understrekar at det som er leke, er eit utkast som framleis kan gjennomgå endringar før rapporten er endeleg.

FNs klimapanel består av fleire hundre forskarar frå heile verda. Klimapanelet blei tildelt Nobels fredspris saman med tidlegare visepresident Al Gore i 2007.