– Snowboard på vatn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg byrja fordi broren min køyrde, så tykte eg det var dritfett, fortel Nora Andersen.

16-åringen hevdar seg i den veksande sporten kabelwakeboard. I helga tok ho NM-gull i junior dame kabelwakeboard på heimebane i Norsjø Kabelpark i Gvarv. Neste helg ventar europeisk og afrikansk meisterskap i Sverige.

LES OGSÅ: Med snowboard på pensum

For få jenter
Ein viktig faktor for at ho har vorte så god i løpet av dei fem åra ho har drive med sporten er at ho er nabo med kabelparken. I tillegg er Nora er oppvaksen med fire brør og van med å vere einaste høne i korga.

– Det er altfor få jenter som driv med dette og det er litt keisamt, men det er eit bra miljø. Me køyrer mykje mot gutane, noko ein vert betre av. Gutane tenkjer ikkje så mykje på kva som kan skje om det går gale.

LES OGSÅ: Kritisert for sexy surfevideo

Knebelasting
I sommarsesongen trener ho nesten annakvar dag på vatn og i vintersesongen er det snøbrett som gjeld. Denne sesongen har vorte litt amputert på grunn av kneproblem. Då ho vitja Olympiatoppen fekk ho klar beskjed om at ho må byrje å trene meir musklar. Wakeboard er belastande på knea.

No satsar Nora for fullt mot VM på heimebane til neste år, men seinare kan ho tenkje seg å satse meir på snowboard, sidan sporten er større. Begge bretta gjev litt av den same kjensla.

– Både snowboard og wakeboard er jo ganske skummelt, men noko av det beste er den kjensla du får når du har gutsa på og satt eit triks, fortel ho entusiastisk.

LES OGSÅ: Betre skikka til cricket

Saka fortset under biletet.


Nora Andersen framfor Vilde Amundsen og Malin Oftedal i helga. Foto: Chris Johansen/ Norges Vannski og Wakeboard Forbund

Hard konkurranse frå Europa
Planen til helgas kombinerte Europa- og Afrikameisterskapet er enkel: Å køyre så godt ho kan.

Men banen går motsett veg av det ho er van med og konkurransen frå Europa er hard.

Kabelwakeboard er betydeleg større i Tyskland og halvparten av verdas kabelparkar finn ein nettopp der. Til samanlikning har Noreg to fullstorleiksanlegg og to små anlegg.

Noregs Vannski- og Wakeboard Forbund har mellom 1000 og 1500 utøvarar som driv med wakeboard, av desse er 300 aktive, ifølgje styremedlem Trond W. Andersen.

Nora er ung, men likevel ingen nybyrjar, i fjor tok ho 4. plass i juniorklassen og 9. plass i dameklassen i VM på Filippinene.

LES OGSÅ: Ber ungdom dra til sjøs

Sta og talentfull
Andersen i vannski- og wakeboardforbudet har følgt den ivrige idrettsutøvaren sida ho var ganske lita.

– Ho har utmerka seg med å vere den fyrste i vatnet og den siste opp att, fortel Andersen, som meiner at det er staheit kombinert med talent som er suksessoppskrifta til Nora.

– Ho kan stå på bryggja og øve på eit triks heilt til ho får det til.

Til no er det vanskelegaste trikset Nora har satt ein «transfer til 270 blind».

– Det seier kanskje ikkje deg så mykje? spør Nora.

Trikset er at ein hoppar frå ein rail til ein anna i ulik høgd, snurrar 270 grader rundt i lufta og landar med tauet bak ryggen slik at ein ikkje ser landinga.

– Folk skjøner kva kabelwakeboard er om dei er litt yngre, elles så seier eg berre at det er snowboard på vatn.