Nevrotikarar har mindre hjerne

Personar som har angst og depresjon har mindre hjerne, og dårlegare signaloverføringar mellom dei ulike hjernedelane, enn andre, syner ny forsking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nevrotikarar har mindre hjerne

Postdoktor Astrid Bjørnebekk på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo har saman med kollegaer forska på samanhengen mellom personlegdom og den fysiske strukturen i hjernen, fortel forskingsmagasinet Appolon.

LES OGSÅ: Vener gjev større hjerne

Minimalt mindre
Forskarane har undersøkt 265 friske personar mellom 20 og 85 år med psykologiske testar, hukommelsestestar og MR-bilde av hjernen.

Hjernen er minimalt mindre hjå nevrotiske menneske enn hjå andre, og Bjørnebekk understrekar at ein ikkje kan studere hjernen til eit bestemt individ og seie om vedkommande er meir nevrotisk enn andre.

LES OGSÅ: 17-åring bygde kunstig hjerne som finn brystkreft

Tynnslitte nervar
Når det gjeld hjernestrukturen, oppdaga Bjørnebekk at personlegdomen kan henge saman nervefibrane som bind saman dei ulike hjernedelane.

– Vi kan sjå kor godt nervebuntane er isolert og kor mange nervefibrar som bind saman dei ulike hjerneområda. Det har noko å seie for kor godt hjerneområda kommuniserer. Nevrotiske menneske har litt dårlegare kvalitet på nervefibrane. Dei har bokstaveleg talt litt meir tynnslitne nervar. Dette skjer i heile hjernen, seier Bjørnebekk til Appolon.