Meiner nynorsken blir viktig i valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

- Nynorsken blir viktig i valet

 Senterparti-politikar Steinulf Tungesvik er ein av dei som trur språk blir viktig i valkampen. 

– Det viser seg at spørsmålet er mobiliserande, seier den tidlegare mållagsleiaren og statssekretæren for Sp til NRK. 

Den siste tida har vore prega av kampen om nynorsken sin plass i skulen. Nynorskfolket har reist seg og vunne fram med resultatet om at eksamen og eigen sidemålskarakter i skulen skal overleve.

– Det er interessant. Når dette no er blitt eit tydelegare politisk spørsmål trur eg det kan påverke partivalet til folk, seier Tungesvik til NRK.

LES OGSÅ: Høgre-folk i vest mobiliserer for nynorsken

Språkdebatt populært i skuledebattar
Venstres Sveinung Rotevatn som er førstekandidat i Sogn og Fjordane er samd med Tungesvik. Han bruker aktivt nynorsken i valkampen og meiner språkspørsmål ofte gir applaus i skuledebattar, iallefall i Sogn og Fjordane. 

– Det er nok ikkje så mange som vel parti ut frå målsaka åleine. Men mange står og vippar mellom ulike parti og då kan språkspørsmålet vere eitt av dei spørsmåla som vippar deg over til den eine eller andre sida, seier Rotevatn til NRK.

Folk NRK har vore i kontakt med på Vestlandet meiner derimot saker som samferdsle er meir avgjerande for kva parti dei skal røyste på ved valet. 

Saka var først publisert på LNK.no.