Jorda rundt på 70 dagar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ryan Campbell freistar å slå den heilt ferske verdsrekorden til 21 år gamle Jack Wiegand frå USA. 30. juni starta eventyret frå flyplassen i Woolongong i Australia. Dagen før Campbell sette ut på tur landa amerikanaren Wiegand til verdsrekorden, som no kan ryke.

LES OGSÅ: Ekspressbussar taper mot fly

Utsett grunna vedlikehald
Då han undervegs deltok på verdas styrste flymesse i Oshkosh, Wisconsin møtte Campbell den noverande rekordhaldaren og fekk lykkeynskingar på vegen.

Campbell sin tur har gått via Hawaii, fleire byar i USA, Canada, Island, Skotland og England. I dag, på den 49-ande dagen av det 70 dagar lange rekordforsøket er den australske 19-åringen i London. Her har turen vidare til Cannes i Frankrike vorte utsett grunna vedlikehald på flyet, eit Cirruss SR22.

– Den fyrste delen av turen var ganske grei og heldigvis var det ikkje nokre torestormar, men lenger nord fekk eg noko problem med ising, sa Ryan Campbell på bloggen sin då han, halvvegs i turen, landa i Reykjavik.

Ni timar bak spakane måtte til for å kryssa Atlanteren.

LES OGSÅ: Strikkar gul midtstripe i rekordforsøk

28 stopp i 14 land
Ungguten er allereie ein erfaren pilot. Berre 15 år gamal flaug Campbell solo for fyrste gong, og då han var 17 år hadde han fått flysertifikatet. Året etter fekk han sertifikat som yrkespilot og byrja arbeida i Merimbula Air Services. 

På bloggen Teenworldflight.com kan folk følgje reiseruta og lese oppdateringar frå verdsrekordforsøket. I tillegg legg han dagleg ut oppdateringar på Facebook-sida si og på Twitter-kontoen @teenworldflight.

Fram til den planlagde returen i Wooloong  7. september reknar Campbell med å ha vore rundt 180 timar i lufta og floge over 44.000 km. I ruta er det lagt inn 28 stopp i 14 ulike land, på alle fem kontinenta.

Sjå Ryan Campbell si siste Youtube-oppdatering her.