Edmund Austigard, direktør i Det Norske Samlaget, er optimistisk og trur nynorsk litteratur vil bli enda betre i framtida.

NPK-Monica Lindanger
NPK-Monica Lindanger

I høve Språkåret 2013 og jubileumsåret til Ivar Aasen valde administrerande direktør Edmund Austigard under haustlanseringa til Samlaget å takka både Aasen og alle dei som skriv på nynorsk.

– Stadig fleire lar seg inspirera til å skriva litteratur på nynorsk. Derfor trur eg den nynorske litteraturen vil bli enda betre i framtida, sa han i innleiinga si.

Han fortalde at norsk litteratur opplever ein internasjonal gullalder som ein aldri har sett før, og at nynorsk litteratur er inne i ei god tid.

– Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare enn no, sa han.

10 debutantar
Det er i år, som i fjor, ti debutantar ved Samlaget. Ei av dei er Erica Löfström, som debuterer med romanen «Sex, musikk og vold». Boka er omtalt som ei skildring av ei ung sårbar kvinne og den omsynslause ferda hennar gjennom helvete.

Kjærasteparet Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland har saman skrive romanen «& me skal bli omskapte». Øyre driv til dagleg den største nynorskbloggen i verda, «hjartesmil».

– Eg håper at veldig mange får med seg denne boka. Det er ei debutroman med mykje fart og høgt underhaldningsnivå. Og ikkje minst ligg ho på eit høgt kunstnarisk nivå, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog til Nynorsk pressekontor.

Odd Eirik Færevåg har skrive diktsamlinga «Dagane grå», om korleis det er å mista eit barn.

– Dette er mørk tematikk, men dikta er skrivne med eit overskot som gjer dette til fin lesing, sa Kolmannskog i presentasjonen sin.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Nytt frå kjende
Andre bøker som blir gjevne ut ved Samlaget i år er Ragnar Hovland si bok «Frå Ragnar til alle. E-post i utval», «Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013» av Alfred Fidjestøl og «Historia om Ivar Aasen» av Ottar Grepstad.

Olaug Nilssen kjem i år ut med bestillingsverket ho skreiv for Det Norske Teatret, som blei sett opp ved teatret tidlegare i år, «Stort og stygt», som handlar om gledene og sorgene i småbarnslivet.

I tillegg kjem Jan Roar Leikvoll ut med romanen «Songfuglen». Ifølgje forlagssjef Håkon Kolmannskog er Leikvoll rekna som ein av dei sterkaste og mest nyskapande forfattarane i norsk litteratur.

I jubileumsåret 2013 kjem også ei slags rettleiingsbok i nynorsk ut. Kristin Fridtun har skrive «Nynorsk for dumskallar».

– Dette er ei av dei artigaste og nyttigaste bøkene om nynorsk i år. Ho burde vera pensum, var kommentaren til forlagssjef Kolmannskog.

Les Kristin Fridtun sine fem leksjonar i den nye rettskrivinga!

– Betre tider
Etter omlegging i Samlaget for eit par år sidan på grunn av dårlege tider vel forlaget no å konsentrera seg om nynorsk skjønnlitteratur. Ifølgje forlagssjef Håkon Kolmannskog går det i år mykje betre med Samlaget økonomisk.

– Me har tatt dei grepa som var nødvendige. No konsentrerer me oss om allmenn litteratur på nynorsk. Resultatet så langt i år er veldig bra. Det går mykje betre no og det blir ein sterk bokhaust, seier Kolmannskog til Nynorsk pressekontor. (©NPK)

Les siste boknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

Kommentarar

ANNONSE