Helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner at Høgre ikkje har politisk grunnlag for å få gjennom helsereforma si.

NPK-NTB-Jon Even Andersen og Steinar Schjetne
NPK-NTB-Jon Even Andersen og Steinar Schjetne

 

Den moglege etterfølgjaren til Støre, helsepolitiske talsmann for Høgre Bent Høie, høyrde derimot noko anna frå Venstre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet under den store helsepolitiske partidebatten i Arendal tysdag.

– Eg høyrer motførestillingane, eg er jo ikkje døv. Men eg høyrer òg at vi er samde om at vi vil utnytte den ledige kapasiteten i det private helsestellet, sa Høie til NTB etter debatten.

For sentrumspartia kom med klare motførestillingar, grunna i frykt for at Høgre-forslaga fører til at det offentlege helsestellet blir sitjande med dei store, tunge og kostbare oppgåvene, mens dei private helseinstitusjonane skummar fløyten.

Ugjennomtenkt reform

Høgre-resepten for eit kvikkare helsevesen er å innføre uavgrensa rett til offentleg finansiert behandling ved private sjukehus. Det er ei endring frå dagens system, der det offentlege helsevesenet kjøper tenester frå private sjukehus etter kvoteavtalar.

Høgre har enno ikkje rekna på kva reforma kjem til å koste, men har lansert høgare eigendelar som ei mogleg løysing – som kan gi ei delvis inndekking.

Motbøren for Høgre under helsedebatten i Arendal tysdag var stor, både frå dei moglege samarbeidspartnarane i regjering eller Storting etter ein eventuell valsiger i september – og frå fagmiljøa.

– Tynt grunnlag

Støre meiner Høgre skal slite med å få gjort om resepten til medisin.

– Politikken deira kjem systematisk til å overføre pengar frå det offentlege til det private, utan at det er rekna på det. Ut frå debatten å dømme er Frp samde i prinsippet i forslaget, men dei er jo fundamentalt usamde i finansieringa. Når det gjeld Venstre og KrF, så oppfattar eg at dei er veldig, veldig skeptiske. Eg meiner at Høgre har eit veldig dårleg grunnlag for å gjennomføre ei stor sjukehusreform, seier Støre til NTB.

Høge vil helst ikkje snakke om usemja.

På spørsmål frå NTB om det betyr at finansieringsmodellen i forslaget ikkje er viktig for Høgre, svarer Bent Høie at han ikkje vil ta slike forhandlingar med dei andre partia før valet.

Usosialt

Under debatten gjorde Frp-leiar Siv Jensen det dessutan krystallklart at ho ikkje vil vere med på å auke eigendelane, slik Høgre tar til orde for.

– Det blir ikkje auka eigendelar frå ei regjering der vi er med. Det er heilt uaktuelt. Auka eigendelar er urettferdig og grunnleggjande usosialt, sa ho.

Heller ikkje i fagmiljøa, som heilt direkte får merke eit mogleg storinnrykk av private aktørar, haustar helsereforma til Høgre godord.

Legane fryktar at Høgre-modellen kan føre til at ekstraressursar til opprusting blir kanalisert bort frå sårt trengjande sjukehus, mens sjukepleiarane fryktar at vi får eit offentleg helsestell tappa for kompetanse.

Mange vurderer overgang

– Vi får ein straum av fagfolk – i mitt tilfelle sjukepleiarar generelt og spesialsjukepleiarar spesielt – frå dei offentlege til dei private klinikkane. Og det vil ikkje bidra til å redusere helsekøane. Vi får ikkje noko større kapasitet, for vi har ikkje nok fagfolk til det, seier Eli Gunhild By i Norsk Sykepleierforbund.

I ei undersøking som forbundet har fått utført, svarer 60 prosent av medlemmene at dei vurderer å byte jobb viss dei får tilbod av ein privatklinikk.

Legeforeininga har også gjort ei undersøking, som viser at sjukehusa treng rundt 70 milliardar kroner til vedlikehald og opprusting for å ta igjen det tapte.

– Slik det ser ut no, vil Høgre bruke alle ekstraressursar på denne reforma. Det er feil bruk etter vår meining. Vi treng pengane til å ruste opp helsestellet, seier president Hege Gjessing i Den norske legeforening. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE