Han er 23 år gamal, snart plateklar, og ein av Noregs beste felespelarar. Men noko øvingstype, det vil ikkje Erlend Apneseth kalle seg.

Prolog: I eit bryllaup på Åmot kjem ein ung mann gåande over tunet. Ikkje den største av vekst, men med eit smilande og lurt ansikt. Venen min lener seg inn mot øyret mitt.

– Sjå der, der kjem Erlend Apneseth, seier han. 

– Kven er han?

– Veit du ikkje det?! Svarer venen min med heva augnebryn.

– Nei?

– Han er fantastisk! Ein av dei beste felespelarane, og berre 23 år. Eit supertalent.

Han nikkar, vert andektig stille. Ser på meg med eit meiningstungt blikk.

Når Apneseth seinare speler, forstår eg: Erlend Apneseth er skikkeleg god til å spele fele. Han luskar seg rundt omkring tonane, let fela klinge og synge, fletter inn små kjente tema og vrir på dei.

Han er 23 år og skitgod. Men korleis blei det sånn?

LES OGSÅ: Vinn fram med folkemusikken

Fele frå Burma
– Det byrja heilt tilfeldig, då eg var ti år, med ei lita fele vi hadde liggjande, som far min hadde teke med seg heim frå Burma, fortel Erlend.

Atter ein gong ute på eit gardstun, denne gongen i nærleiken av Førde. Under fjell ganske like på dei han sjølv vaks opp under, ikkje så langt herfrå, i Jølster.

Heimplassen har spelt ei viktig rolle i å forme musikaren Apneseth. For om det byrja med ei fele frå Burma, er det likevel nokon i meir heimlege traktar han gjev ære for at interessa hans blei vekt, og talentet forma.

– Det er jo spelemannslaget heime, som hadde eit tilbod som eg slengde meg på. Så det er spelemannslaget i Jølster altså, eller indre Sundfjord, som var starten.

Kan du hugse første gong du tenkte, jess, dette kan eg drive med?
– Då eg var fjorten år vann eg landskappleiken i den yngste klassen, seier han etter å ha tenkt seg litt om.

– Då får ein jo eit kick då, når ein er fjorten år og lukkast med noko. Det er jo tøft, sjølv om fele i utgangspunktet ikkje er det tøffaste ein kan velje, flirer han.

– Men blir ein flink i noko, så får ein jo eit kick uansett. Det gjeld uansett kva instrument ein speler.

LES OGSÅ: Gliset frå Gudbrandsdalen

Saka fortset under biletet.


Erlend Apneseth er i desse dagar i gong med si første soloplate. Pressefoto: Oddleiv Apneseth

Ikkje nokon øvingstype
Men korleis blir ein så flink? Ved å ha eit stramt, strabasiøst og ufråvikeleg øvingsregime? Apneseth dreg på det når vi spør kor mykje han speler.

– Kor mykje eg speler? Nei det har eg absolutt ikkje noko tal på. Det varierer veldig. Men eg har alltid veldig mange prosjekt då, det er det som reddar meg. Eg er ikkje nokon øvingstype i det heile, seier han.

Så du jobbar mest prosjektorientert?
– Ja, eller, eg låsar meg iallfall ikkje inne fem timar om dagen og speler, seier han.

– Eg trur ein skal hugse på at det er veldig individuelt kva som gagnar ein. Det er ikkje sikkert ein blir så mykje betre av å sitte dei to timane ekstra om ein ikkje har lyst, men no snakkar eg for meg sjølv, sjølvsagt.

LES OGSÅ: Held fast på tradisjonane

Vann Fureprisen
«Øvingstype» eller ei, Apneseth har hatt mykje framgong. Han er hardingfelespelar i A-klassen, og på landskappleiken i år kom han på tredjeplass i klassen sin, og stakk av med Fureprisen på heile 50 000 kroner.

Prisen vert delt ut til ein deltakar under 26 år, og har vore delt ut tre gongar før.

– Det er jo kjempestas, det er eit ganske stort stipend. Det er ikkje så ofte ein får stipend av den storleiken, så det kjem veldig godt med.

Du satsar fulltid på musikken?
– Ja, nett no jobbar eg fulltid som frilansmusikar. Så det vert ein spanande haust, seier han.

LES OGSÅ: Hilme heile veka

Plate på veg
Blant dei spanande tinga om skjer i haust er innspelinga og sleppet av den første soloplata til Apneseth. Tidlegare har han vore med på antologien «Jølster 2012» med fleire låtar, men plata som kjem i haust blir hans første, eigne plate.

– Det blir veldig spanande. Det blir både slåttar og improvisasjonar på plata, fortel han.

Plata kjem som ei følgje av at han i fjor vann debutantstipendet til Grappa, som gav han ei plateinnspeling. Debutantstipendet går til ein uetablert artist under tretti år, og tidlegare har mellom anna Valkyrien Allstars debutert med dette stipendet.

Når vi treffer Apneseth har han allereie hatt to studiodagar, og har ein dag igjen. Plata skal sleppast i oktober, og i det høve vert Apneseth via ei spesiell ære.

– I haust skal eg mellom anna vere månadens artist på Riksscenen i Oslo i høve platesleppet, så då vert det fleire konsertar der, fortel han.

LES OGSÅ: Hått på den eldste folkemusikkfestivalen i landet

Grunleggande folkemusikk
Men kvifor folkemusikk? Kva er så bra med han?
Apneseth tenkjer, trekkjer på det.

– All folkemusikk har noko grunnleggande i seg. Noko som kanskje ikkje er så tilgjengeleg, men som er felles. Reiser ein rundt i verda og høyrer på folkemusikk, så høyrer ein at han grip noko veldig grunnleggande i folk.

– På sitt beste er han jo rock, og pop og òg. I norsk folkemusikk finst så utruleg mykje, det er ein utruleg mangefasettert musikk. Det kan høyrest enkelt ut, men når du plukkar han frå kvarandre så finn du ting som er utruleg vanskeleg å meistre, avsluttar han.

LES OGSÅ: Felejenta

Tre favorittar
Heilt til sist, vil du tilrå tre plater til lesarane våre?
Det må eg få litt tid på seier han. Kan eg sende dei på epost?

Dagen derpå tikkar eposten inn, som lova. Og dette er det felespelaren Erlend Apneseth vil tilrå deg:

– Arve Henriksen: Cartography

– Keith Jarrett: The Köln Concert

– Daniel Sandèn-Warg og Sigurd Brokke: Rammeslag

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE