– Statsministeren vert nok påspandert mange drinkar på byen!

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ville gitt jobben tilbake til Jens

– Ja! Eg vil stemme fordi eg har tru på demokratiet, og for at det skal fungere er det essensielt at folk stemmer, svarar Sofie Tollefsbøl frå Eina på spørsmålet om ho skal bruke stemmeretten ved valet til hausten.

– Dessutan vil eg jo kome med mi meining, gjer eg ikkje det har eg ingen rett til å klage om  ting i samfunnet etter mitt syn går til skogs.  

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på?
– Ja, alle partia har noko eg kan seie meg einig i, men å finne ut akkurat kva parti som ligg ”nærast meg” er ikkje lett.    

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?
– Eg har ikkje bestemt meg endå. Eg har alltid tenkt at SV har mykje eg er einig i, men i det siste har Venstre også verka interessant. Likevel vil eg heller ha ei sosialistisk regjering, enn ei med Høgre, Venstre og Krf. Så det kan faktisk bli grunnen til at eg droppar Venstre… Miljøpartiet Dei Grøne verker som dei har mye spanande å komme med, men reint bortsett frå at dei openbart er veldig miljøvennlege, har eg ikkje helt oversikt over kva dei står for… Eg må nok ta ein kikk i partiprogrammet. Samstundes veit eg at Arbeidarpartiet har gjort veldig mykje bra, så det kjennest som eit trygt val.  

Kva saker er viktige for deg?
– Skule og miljø er kanskje det viktigaste for meg. Kultur- og innvandringspolitikk er også noko eg bryr meg mykje om.  

Kven påverkar deg i valet av parti?
– Eigentleg burde vel ingen andre enn politikarane påverke meg, men eg blir jo påverka av foreldra mine, som rett nok aldri har sagt kva dei har stemt, men eg har jo skjønt det slik halvvegs. Elles er det politikare sine uttalingar i media som påverkar meg mest, sidan eg ikkje har teke noko djupdykk i prinsipprogramma til partia. Det burde eg kanskje ha gjort…  

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane?
– Både og. I blant kan det bli fagspråk, men som regel synes eg dei ordlegg seg forståeleg.  

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?
– Som regel til meg. Det som ligg til i botn når dei snakkar, er jo som oftast at dei vil ha mi stemme.    

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
– For å vera ærleg har eg dårleg peiling på lokalpolitikken, så eigentleg ikkje…  

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
– Jens er ein veldig kjekk kar. Så av dei som er realistiske alternativ, vel eg han.  

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di?
– Arbeidarpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne trur eg kunne vore en bra regjering. Om berre Venstre hadde vore villige til å kaste seg på det lasset også, hadde det kanskje vorte endå betre.  

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
– Eg ville løyvd pengar til kulturskule, til kulturtilbod for born og unge i det heile. Det finst veldig mange tilbod til unge som vil drive med idrett, men ikkje like mykje for unge som vil drive med musikk, dans, teater eller kunst, seier Sofie.  

Ho ville også sørgja for å vedlikehalde eit godt tilbod om SFO. Ho ville vurdert ei ordning om eit gratis måltid om dagen for skuleborn. Ho ville satsa på offentleg transport – betre og endå billigare tilbod om buss og tog. Og ho ville gjeve elevar på ungdomsskulen tilbod om valfag, då ho trur særleg praktiske valfag kan virke motiverande der.  

– På vidaregåande har ein jo mange valfag i dag, men då trur eg ofte det er for seint, og mange av elevane har vore skulelei i årevis.  

Innvandringspoltikk er eit anna område Sofie ville take ei grundig vurdering av. Fordi ho meiner den ikkje er vellukka i dag.

 – Det er eit veldig vanskeleg tema, og eg har ingen konkrete forslag til kva som må gjerast. Men at folk vert plassert i asylmottak og må vente der i årevis, er inhumant. Ein kunne sikkert også gjort fleire og betre tiltak for å integrere sei som får bli her også.    

– Etter endt arbeidsveke ville eg teke ein tur på byen på laurdagen – eg reknar med at statsministeren vert påspandert mange drinkar av folk der. Og på sundag ville eg reist på kaffi og kake på slottet. Så ville eg sett meg i statsministerstolen min, ete ein kroneis og ringst Jens for å be han ta over styringa igjen!  

Faktaboks

Namn: Sofie Tollefsbøl
Alder: 18
Kjem frå: Eina, Vestre Toten
Skule: Gjøvik vgs
Hobbyar: Musikk

Les fleire intervju med førstegongsveljarar her!