– Sei ja til spanande sjansar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei blanding av mykje engasjement, hardt arbeid og å faktisk våga å seie ja dei moglegheitene som byr seg, slik forklarar stortingsrepresentanten for Høgre, Ine Marie Eriksen Søreide, korleis ho er komen dit ho er i dag. Det byrja med eit varasete i Tromsø kommunestyre, i dag er ho leiar i Forsvars- og utanrikskomitéen på Stortinget.

Kva drøymde du om som 18-åring?
– Eg drømde nok mykje om å få moglegheita til å reise til mange land og møte menneskjer. Og akkurat den draumen kan eg trygt seie har gått i oppfylling 🙂

Kva bok har påverka deg mest?
– Det er mange bøker som har betydd mykje i kvar sin epoke. Det vert ein del politiske bøker og biografiar. Då eg var lita var eg veldig fascinert av Maria Gripes «Tordivelen flyr i skumringen». Eg har akkurat lese Khaled Hosseinis siste bok: «And the mountains echoed», og både den og hans to førre («Drakeløparen»og «Tusen strålande soler») har gjort stort inntrykk. Det samme har «Shantaram»av Gregory David Roberts – ei bok det er umogleg å leggje frå seg! Men eg vil gjerne også nemne eit dikt som har betydd mykje: «Privat huskeregel»av Kolbein Falkeid. Eit veldig realistisk og fint dikt.

Kven er dine største førebileter? Og kvifor?
– Eg har alltid beundra menneskjer som står opp for grunnleggjande rettar som me andre tek for gitt. Retten til å meine og tru, til å ytra seg, til å bestemme over eige liv og til å velje sine leiarar. Dei som tek kampen mot undertrykking av kvinner og born. Mange menneskjer ofrar liv og helse for rettar som skal gjelde for alle, medan mange i vår del av verda ikkje eingong tek seg bryet med å nytte retten til å stemma.

Kva meining har ordet feminisme for deg?
– For meg betyr det kampen for like rettar og moglegheiter, men det betyr ikkje at kvinner og menn må verte like i alt eller at det er eit mål i seg sjølv at fleire jenter skal verte mekanikarar eller at fleire gutar skal verte sjukepleiarar. Eg trur grunnleggjande på mangfaldet og fridomen til å velje – men då må moglegheitene og rettane vere like. Eg meiner det viktigaste i dag er kampen for kvinners rettar i land der det å verte fødd jente er noko av det farlegaste du kan gjere i livet. Som Hillary Clinton sa om vald mot kvinner: «Det er ikkje kulturelt, det er kriminelt».

Er du ein feminist?
– I den tydinga av ordet eg har beskrive – ja.

Har du nokre gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?
– Ja, men mykje mindre enn mange trur når dei høyrer at eg som (relativt) ung kvinne jobbar på såpass mannsdominerte område som utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk. Mi oppleving er at dei eg møter først og fremst er oppteken av om eg er interessert og engasjert, og kan sakene mine. Kjønn og alder er rimeleg irrelevant i samanhengen, og det trur eg gjeld på mange andre felt også.

Er det noko du skulle ynskje du kunne?
– Hehe, ja. Masse! Eg skulle gjerne vore god i ein sport, og vore mykje betre i matte. Eg er veldig glad i å fly, og vonar å kunne fly solo ein dag 🙂

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?
– Det er stort sett dei små tinga: ein god klem, eit smil, å kunne gleda eller trøsta nokon, å vere på ein fantastisk konsert!

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?
– Ver engasjert, jobb hardt og ikkje ver redd for å seie ja når nokon gjev deg spanande sjansar. Som ein veldig god kollega frå Senterpartiet sa til meg ein gong eg var uviss på om eg skulle våga å ta ei stor utfordring: «Hugs at det alltid finnast ein utgang, men det finnast ikkje alltid en inngang.» Nokre moglegheiter kjem berre ein gong. Alle veks med oppgåver og ansvar, og alt går som regel mykje betre enn ein trur og fryktar!

Faktaboks

Ine Marie Eriksen Søreide (fødd 1976)

  • Oppvaksen på Strømmen og i Tromsø
  • Leiar for Unge Høgre 2000-2004
  • Utdanna jurist ved Universitetet i Tromsø
  • Fast representant for Høgre på Stortinget sidan 2005

Kjelde: Stortinget.no, wikipedia.org

Les også intevju med Hege Moe Eriksen, Amal Aden og Sara Johnsen.