Føler skulen svikta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei rotta seg saman i forskjellige gjengar. Det var stygge blikk, masse kommentarar mot meg og bevisst utestenging. Og det var stygge kommentarar på forskjellige nettsider, blant anna Facebook. Men eg veit ikkje kvifor dei gjekk på meg, eg hadde ikkje gjort noko gale. Eg mistrivest veldig, fortel jenta med pseudonymet «Kristin».

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

I det stille
Kristin vart mobba kvar dag i det stille i fleire år på Enge skule, i den vesle bygda Etne i Hordaland. Før skulen, i friminuttane, i skuletimane og etter skulen. Ho gjorde sjølv forskjellige ting for å lette på mobbinga.

— Det gjekk ikkje innpå meg først, men etterkvart byrja eg å tru på alle dei tinga som vart sagt til meg. Eg vart veldig usikker, og mista all sjølvtillit. Svarte eg på noko i klassen, fekk eg stygge blikk og latter. Til slutt enda eg heilt på botn, og vart mykje lei meg og sint. Eg pleidde å halde termometeret i varmt vatn slik at mamma trudde eg var sjuk og slapp å gå på skulen. Så eg fekk eit veldig stort fråvær. Når eg gjekk på skulen møtte eg ein time før, slik at eg unngjekk det store ubehaget med å møte på mobbarane på morgonen. Eg veit om fleire, i tillegg til meg, som vart mobba på Enge skule, utan at gode tiltak vert sett i gang, fortel «Kristin», eit av mobbeoffera på Enge skule.

LES OGSÅ: Ein av to har opplevd digital mobbing

Tillitsbrot
Både Kristin og foreldra hennar prøvde å fortelje lærarane om mobbinga. Men i staden for ei hjelpande hand, opplevde Kristin store tillitsbrot.

— Eg fortalde om mobbinga til tre forskjellige lærarar på samtaletimar me hadde på skulen. Så fekk eg spørsmål om kva eg hadde imot disse personane. Deretter gjekk lærarane til dei det gjaldt, og sa at eg følte meg mobba. Alt vart berre verre etter det, for då var eg sladrehank i tillegg, fortel mobbeofferet.

Etter det virka det som mobbarane berre tykte det var enda kjekkare å mobba meg. Kristin seier det same skjedde med ei venninne av ho, som fortalde om mobbing til læraren. Då tok læraren ei og ei jente ut av klasserommet, og fortalte namnet på venninna og at ho følte seg mobba.

LES OGSÅ: Laga film om mobbing og vennskap

Lite tiltak
Mor til «Kristin» følte det var håplaust å nå fram på ein ordentlig måte på Enge skule.

— Eg oppleve å ikkje bli høyrd på Enge. Eg tok opp blant anna ein episode, både skriftlig og munnleg, der jenta mi vart fysisk mobba. Det einaste svaret eg fekk var at dei prata med personen, og personen skal ikkje gjera det meir. Det oppleve eg ikkje å bli høyrt. Det nyttar ikkje berre å rette peikefingeren til mobbarane, og seie at slikt gjer me ikkje, og så ikkje laga meir utav det, seier mora til Kristin.

— Eg har aldri opplevd at det var noko som helst tiltak mot mobbing på Enge skule. Det einaste var Mot-opplegget, som gjekk på å skilje seg ut, og kunne si nei og slikt, men det er jo ikkje så mykje motverking av mobbing, meiner «Kristin».

LES OGSÅ:  – Bruk oss i kampen mot mobbing

— Jobbar på mange plan
Rektor på Enge skule, Morten Odeen, seier han tar saker som involverer mobbing svært seriøst.

Han meiner midlertidig det er god førebygging mot mobbing på Enge.

Rektoren poengterer at han ikkje kan kommentere denne enkeltsaka, men han kan seie på generelt grunnlag at det blir jobba systematisk for å førebygge mobbing på skulen.

— Det blir jobba med utvikling av haldningar og sosial åtferd ifrå dei startar på skulen. I tillegg har me MOT-programmet på ungdomsskulen fleire timar i året, som går over ein treårsperiode, som me satsar tungt på. Det går jo på dette med å bry seg og seie nei, men like mykje å motverke utestenging og lære bort inkluderande haldningar, seier rektor.

Enge skule har mellom anna ein klar handlingsplan ved tilfelle av mobbing.

— Handlingsplanen går eg igjennom med heile personalet, minst ein gong i året. Punkt 1 blir å ta tak i saka straks, finne fakta og finne ut kor reell mobbinga er, seier Odeen.

Kvar gong nokon det kjem ei sak med mobbing, skal rektor på skulen bli informert. Deretter blir det ei vurderingssak korleis det skal handterast vidare.

— Målet er alltid null, ein er aldri heilt nøgd. Men skal ein sjå på landsbasis, så ligg me midt på treet med mobbing, seier Morten Odeen.

LES OGSÅ: Felles kamp mot mobbing