Eig venstresida fellesskapet?

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Siv og Sauron
For mykje av den politiske verkelegheitsoppfatninga blir hosta opp på repeat frå arbeidarpartistrategane på Folkets Hus.

For drygt ein månad sidan blei ein tale av Eskild Pedersen referert i Adresseavisen. Pedersen karikerte den kommande valkampen som ein kamp mellom det gode og det vonde. For verkeleg å sørgje for at alle fekk med seg poenget klargjorde Pedersen med å samanlikne med J. R. R. Tolkien sitt storverk «Ringenes Herre»: Denne valgkampen er litt som Lord of the Rings. Det er en kamp mot det gode og det onde. Man har Aragorn og Gandalf, som er Jens Stoltenberg og TrondGiske, som kjemper for det gode. Så har man Sauron og Sarumann på den andre siden, som er Siv Jensen og Erna Solberg. Da er det vel klart at Siv Jensen er Sauron.

Mykje god kritikk er gjort av denne mildt sagt feilaktige samanlikninga, mellom anna har Ove Vanebo meisterleg attgjeve Tolkien si tolking av draumesamfunnet i Hobbysyssel – der Vanebo peikar på at Hobbysyssel er det beste døme på ei konservativ draumeverd, styrt av tradisjon og ein fri marknad, utan noko som helst sentralisert politisk styring. Detaljar om kva samfunn Tolkien faktisk skildrar og kallar godt er det fullt forståeleg at Pedersen hoppar over. Han utdjupar og repeterer berre den klassiske historia om den gode venstresida som må nedkjempe den vonde høgresida – ei historie som sikrar at AUFarane er dei mest engasjerte, stolte og dogmatiske ungdomspolitikarane eg veit om.

Grunnen til at denne verkelegheitsoppfattninga står så sterkt er at den er framført så mange gongar. Eg sjølv høyrte den då mor mi prøvde å forklare valet i 2001 for meg: «Partia i sentrum og til venstre er gode på forskjellige måtar – men du må ikkje stemme på dei på høgresida, som berre vil ha meir pengar til dei rike» (til mamma sitt forsvar skal det seiast at ho modererte den siste påstanden til at høgresida ikkje berre var opptatt av skattelette til dei rike). Den siste gangen eg fekk denne forenklinga presentert var gjennom tittelen på den klassiske Western-filmen «The good, the bad and the ugly»: Venstresida er dei gode, høgresida dei slemme og sentrumspartia er dei rare og litt stygge som berre kjempar for seg sjølv; KrF for dei kristne, SP for bøndene og Venstre for togpendlande, transeksuelle småbedriftsgründerar med cricketinteresse.

Den store feilen
Oppfatninga av venstresida som god og høgresida som slem er ikkje berre unyansert, den er feil. Endå verre er det denne påstanden oftast blir følgt opp med; dette valet er eit verdival, der venstresida prioriterer fellesskap og høgresida skattelette. Skatteseddelen er ikkje det største fellesskapet som finst, derfor er dette eit stort misstak.

Det er riktig at det finst sider med høgresida som svekker det som er felles på vegne av det som er individuelt. Dette trekket er meir framtredande hos liberalistar, særleg FrParar, enn andre på høgresida. Men venstresida bommar totalt fordi dei sjølv ikkje klarar å skilje mellom stat og fellesskap. Viss vi ikkje slår fast at dei viktigaste fellesskapa nettopp er mellommenneskelege har vi mista noko viktig. I kvardagen vår er det familien, vennegjengen og fotballaget som er dei viktige fellesskapa – ikkje statskassen.

Vestresida sin statsindividualisme
Den svenske historikaren Lars Trädgårdh har karikert den nordiske velferdsmodellen som «statsindividualisme». Dette er ein individualisme som ikkje handlar om sterke frie personar, men i staden om at einskilde menneske som er klipt fri frå dei naturlege fellesskapa i familien og sivilsamfunnet. Igjen står det enkelte mennesket og den store staten.

Denne teoretiske nedprioriteringa av relasjonar og fellesskap viser seg også i det praktiske. Og den dominerer venstresida sin tenkemåte. Eit døme er skulepolitikken: Eg er einig med venstresida i at ein sterk offentleg skule. Men når AUF i sin kjærleik til «fellesskulen» endar opp med å ville innføre ein «heildagsskule», der 8. åringane har fulle arbeidsdagar og lekser er avskaffa, har det gode blitt det beste sin fiende. Foreldra blir spelt stadig lenger ut på sidelinja i utdanninga til barnet, endå vi veit at deira engasjement er den viktigaste faktoren for at elevar skal lukkast på skulen.

Eit verdival
Venstresida har fått halve likninga rett. Valet til hausten er eit verdival. Og det handlar om fellesskap. Men mest av alt står verdivalet i om vi får ei ny regjering som ser verdien av fellesskap, men som også forstår at fellesskap er meir enn berre staten. Både høgre- og venstresida har tendensar til individualisering, og heldigvis har vi eit alternativ. KrFU sine tre viktigaste saker dette valet er barnefattigdom, global utvikling og menneskeverd – alle tre handlar om fellesskap

Når talet fattige familiar aukar og vi høyrer historier om born som ikkje kan delta på fotballtrening eller får reise på ferie, treng vi grep som sikrar at alle kan delta på desse viktige fellesarenaane. Kampen for ei meir rettferdig verd, gjennom betre bistand og meir handel med fattige menneske handlar om å ta felles ansvar for dei som har det vanskeleg. Og når dei leiiande regjeringspartia ønskjer å innføre tideleg ultralyd som ein del av helsevesenet, og vi veit at denne undersøkinga har som mål å leite etter foster som er annleis, treng vi nokon som står opp for mangfaldet sin verdi i fellesskapet. Politiske verkelegheitsoppfatningar er aldri enkle, derfor er det viktig å få dei rett.