Til sak mot razzia i skulen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevorganisasjonen reagerer på politiet sine narkotikarazziaar med hundar i norske klasserom. Dei meiner at bruken av narkotikahundar på ungdomsskular og vidaregåande skular er eit brot på elevane sin rettstryggleik

– Når Justisdepartementet og politiet gong på gong snur ryggen til den openbare juridiske tvisten i denne saka, tek vi initiativ til ei endeleg gjennomgang av dette spørsmålet, seier leiar i Elevorganisasjonen, Liv Holm Heide, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Politiet går inn for væpna mannskap

– Skremmande
Tysdag sendte Elevorganisasjonen ut eit prosessvarsel til Justisdepartementet der dei grunngjev kvifor dei meiner praksisen er ulovleg og vil gå til sak..

Aksjonane går hovudsakleg føre seg slik at politiet – etter avtale med leiinga på den enkelte skule- har kome inn i klasseromma med hundane utan at elevene på førehand har vorte informerte. Utdanningsetaten i Oslo kommune har ein skriftleg avtale med Oslo politidistrikt, der politiet forpliktar seg til å gjennomføra minst ein razzia årleg ved kvar av osloskulane.

Elevane i osloskulen får eit skriv der dei kan skrive under på om dei godtek praksisen, gjer dei ikkje det kan dei fritt forlate klasserommet, ifølgje NRK.no.

Både Elevombodet og Elevorganisasjonen har tidlegare kritisert denne ordninga.

Advokat Jon Wessel-Aas, som har forfatta prosessvarselet på vegne av Elevorganisasjonen, meiner dette ikkje kan erstatte kravet om at det må vere rimeleg grunn til mistanke.

Ifølgje Elevorganisasjonen har talet på razziaar auka dei seinare åra og dei finn oftast stad utan at det har vore konkret mistanke om straffbare forhold, dette meiner organisasjonen svekkjer rettstryggleiken til elevane.

– Me har fått fleire meldingar frå elevar som har oppfatta vitjingane som svært skremmande. Prinsippet om at alle er uskyldige til det motsette er bevist sluttar ikkje å eksistere berre fordi ein oppheld seg i eit klasserom, seier leiaren i Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: – Må satsa meir på førebygging

– Rettstryggleik på alvor
Stortinget vedtok i mai 2012 at det må skriftlig samtykke til før søk med hund kan gjennomførast. Elevorganisasjonen meiner at dette ikkje erstattar kravet rimeleg grunn til mistanke.

– Det er på tide at Justisdepartementet tek elevane sin rettstryggleik på alvor. Praksisen med søk med hund er ikkje berre ulovleg, men gjev òg elevane eit feil bilete av korleis ein rettsstat skal fungera, meiner Liv Holm Heide.

– Førebyggjande tiltak skal vere bygga på tillit, ikkje razziaar som skremmer elevane. Narkotikaproblematikk må få større plass i skulen, og førebyggjast gjennom informasjon og dialog, seier ho.

Ingen kommentar
Politiet i Oslo hadde torsdag ingen kommentar til saka, og hadde heller ikkje tal på kor mange slike hunderazziaar som vert gjennomført årleg.

Justis- og beredskapsdepartementet bekreftar at dei har mottekke prosessvarselet frå Elevorganisasjonen, men har heller ikkje nokre svar å gje.

– Departementet ynskjer ikkje å førehandsprosedera saka, og kan difor ikkje gå nærare inn på kva svaret vil innehalde, seier kommunikasjonsrådgjevar Trond Øvstedal.