Tolv timar i kø for kjendisklede

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei matchande skinnjakkene, Dr. Martens og Converse fortel at dei ikkje er uteliggjarar eller tiggarar, sjølv om Karin Bryhn (17) og Tina Skogen (17) sit på eit pledd i Karl Johan. Her har dei to jentene frå Moss sitte sidan klokka fem idag tidleg. Det vart lite søvn i natt. Klokka ti har dei framleis sju timar att å vente. Bak dei sit 30 meter til med tenåringsjenter. Vatn, pledd og kortstokk, for timane som ventar, er med.

– Me elsker Mary-Kate og Ashley og har gjort det sidan me var små, fortel Tina.

– Før var det mest på grunn av filmane, men no er det meir på grunn av stilen deira, legg Karin til.

LES OGSÅ: Designar for bygda

Frå skjerm til skjorte
Dei amerikanske tvillingane Mary-Kate og Ashley Olsen slo tidleg igjennom som søte vesle Michelle Tanner i TV-serien «Under same tak», men har seinare åra hausta skryt for klesstilen sin og har lansert sitt eige klesmerke kalla «The Row».

I dag lanserer kleskjeda Bik Bok ein kolleksjon i it-tvillingane sitt namn. Denne sjansen til å sjå heltinnene kunne ikkje Karin og Tina la gå frå seg. Dei 50 fyrste i køen har kjøpeplikt om dei vil få ein autograf på ei veske butikken gjev i gåve. Tina har allereie sett seg ut ei skjorte og ein bluse mellom dei 39 plagga i kolleksjonen, Karin har lagt sin elsk på ei kåpe.

– Eg har ei tvillingsyster og då me var små var eg alltid Ashley og ho var Mary-Kate, fortel Karin.

Venninna sin personlege favoritt er Mary-Kate.

– Me trudde det skulle vere fullt klokka fem, men dei neste kom ikkje før ein time etterpå, fortel Tina.

LES OGSÅ: Vil vise deg billig mote

Saka fortset under biletet.


Tina Skogen fekk ikkje bla i Mary-Kate og Ashley-kolleksjonen før tida.

Kortstokk og Securitas
Når sola har passert sitt høgste punkt og klokka nærar seg lansering er køen dobbelt så lang og strekk seg heilt ned til Kondomeriet. Jentene som har plassane bak Karin og Tina har passa plassen deira slik at dei kunne gå på do.

Kjendiskolleksjonar er ei aukande trend. Frå før har Bik Bok samarbeidd med mellom anna Jenny Skavlan, Charlotte Thorstvedt og den amerikanske reality-stjerna Whitney Port, sistnemnde hadde best oppmøte under lanseringa ifølgje butikksjefen i Bik Bok på Karl Johan.

– Til no har førebuinga med denne lanseringa gått fint og me vonar mange kjem, seier butikksjef Camilla Svanberg, som har lært mykje om avvikling av slike lanseringar frå tidlegare tilstellingar.

Securitas-vaktene er på plass for å halde orden.

– På lanseringa til Jenny Skavlan kom det mange fleire enn me hadde venta oss, fortel Svanberg.

Heile tre kolleksjonar har kleskjeda fått med  Mary-Kate og Ashley Olsen, men dei to neste lanseringane, ein til hausten og ein nærare jul, vert nok ikkje like stjernespekka.

 LES OGSÅ: Stilte i NM med mote på nynorsk

Saka fortset under biletet.


Stilikona Mary-Kate (t.v) og Ashley Olsen er populære på den raude løparen. Foto: Wikimedia Commons

Beyoncé i bikini
Bik Bok er langt frå den einaste kleskjeda som har fått god draghjelp av kjendisar. Top Shop har samarbeidd med supermodell Kate Moss. Billigkjeda Hennes & Mauritz har hatt diverse designsamarbeid med eksklusive designarar som Karl Lagerfeld, Stella McCartney, Isabel Marant og Versace. I tillegg har dei lånt ansiktet og kroppen til superstjerna Beyoncé til årets sommarkolleksjon.

Om ikkje lenge vil hundrevis av norske jenter gå rundt i klede med Mary-Kate og Ashley Olsen på merkelappen. 50 av desse har ei signert veske, anten på rommet sitt eller på skuldera, den har dei venta lenge på. Så gjenstår det berre å sjå om køen held seg til dei neste lanseringane.

LES OGSÅ: Vil ta rotta på Mote-Noreg