Leonardo DiCaprio vil lage vikingfilm

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han vil laga vikingfilm

Filmen har fått tittelen «King Harald» og handlar om Harald Hardråde, som vert kalla «den siste store vikingkongen». Harald vart fødd i 1015 og var konge i 20 år før han fall i slaget ved Stamford Bridge i England i 1066. Warner Brothers har sikra seg rettane til filmen, men det er ikkje dermed sagt at han vert noko av.

LES MEIR: Vikingar i Afrika kan bli ny storfilm

I teneste hjå keisaren
Harald var son av kong Sigurd Syr på Ringerike og Åsta Gudbrandsdatter, som også var mor til Olav den heilage. Berre 15 år gammal kjempa han i slaget på Stiklestad, men flykta så utanlands, først til Gardarike (dagens Russland) og så vidare til Miklagard (dagens Istanbul). Her skal han ha vore fleire år i teneste hjå den bysantinske keisaren, til sist i livgarden.

Då Harald kom tilbake til Noreg i 1045 vart han medkonge saman med Magnus den gode, og einekonge to år seinare då Magnus døydde. Han skal ha vore ein hardhendt konge som styrte landet utan skruplar, og det er nok difor han fekk tilnamnet «hardråde».

LES MEIR: Vikingane brukte magi i krig

Slutten på vikingtida
I 1066 tok Harald med seg ein stor flåte på fleire hundre skip og reiste mot England for å forsøkje å overta den engelske trona. Her mista han store delar av styrkane og vart sjølv drepen i det kjende slaget ved Stamford Bridge. Mange reknar slaget som slutten på vikingtida.

Ifølgje bransjenettstaden Deadline.com skal filmhistoria om Harald Hardråde få ein Braveheart-aktig vri, noko som kan tyde på episke og blodige mellomalderslagscenar, skriv NRK. Leonardo DiCaprio skal lenge ha ynskja å lage ein vikingfilm. Han skal etter planen produsere filmen, men det er uvisst om han også er tiltenkt ei hovudrolle.

LES MEIR: Løfter fram krigarkonge