#Valkamp på sosiale medium
Twitter og Facebook har gitt politikarane og rådgivarane deira større makt i valkampen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Politikarane har oppdaga at sosiale medium er ein god reiskap for å nå ut til veljarane og til å profilere seg, seier førsteamanuensis Gunn Enli ved Institutt for medievitskap.
Ho leier forskingsprosjektet Sosiale medium og valkamp. Prosjektet tar for seg korleis Facebook og Twitter blir brukt under valkampen i fire land: Noreg, Sverige, Australia og USA, skriv Universitetet i Oslo på nettsida si.
LES OGSÅ: Fornufta forsvinn på nett
Enli meiner bruken av sosiale medium har ført til tre overordna endringar: Valkampen er blitt meir personifisert, meir uavhengig av journalistar og meir styrt av PR-rådgivarar.
– Politikarane og rådgivarane deira er etter at dei sosiale media kom blitt «redaktørar» for informasjonen dei deler. Dei sosiale media kan slik seiast å ha ført til ei maktforskyving frå journalistane til politikarane og apparatet rundt dei, seier Enli.
Under stortingsvalet i 2009 var sosiale medium forholdsvis nytt. Sidan den gong har sosiale medium etablert seg som ein viktig debattarena, og bruken av sosiale medium er blitt meir profesjonalisert og målretta, ifølgje Enli.
LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket