Utanlandsk løysing på jordbærmangelen
I mangel på norske bær må syltetøyprodusenten Lerum i år importere store mengder jordbær frå utlandet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må bruke utanlandske bær
Grunna avlingssvikt hos norske produsentar har Lerum i år fått inn 40 prosent mindre norske jordbær enn i fjor. Løysinga er import i stor skala, hovudsakleg frå Polen, skriv NRK.
Administrerande direktør, Trine Lerum Hjellhaug, seier dei gjerne skulle hatt meir norske bær.
– I år får vi akkurat nok bær til dei produktseriane vi berre skal ha norske bær i. Men vi ynskjer meir, så vi skulle gjerne sett at avlingane var betre, seier ho.
LES OGSÅ: Ugras eller delikatesse?
Lerum i Sogndal er ikkje åleine om å merke jordbærmangelen. Noregs største medlemsorganisasjon for jordbærprodusentar, Gartnerhallen, reknar med ein gjennomsnittleg nedgang på avlinga med mellom 30 og 40 prosent.
– Det er mykje på grunn av vinteren, men også litt på grunn av ein varm sommar, seier leiar Thorleif Müller. Samstundes som det blir jobba med å finne ein ny jordbærplante som passar det norske klimaet, kan import av ferdig produserte jordbærplante løyse vinterskadeproblemet.
– Lova er under revisjon, og det går mot at vi får lov til å importere jordbærplantar. Det går veldig sakte, og i mellomtida taper norsk produksjon marknadsandelar mot importerte jordbær, seier Müller. (©NPK)
LES OGSÅ: Klimaendringane påverkar landbruket