– Lettare å felle kvinner med hersketeknikkar

Ingvild Reymert føler kvinnene ofte må jobbe dobbelt så hardt som menn med sakene dei brenn for i politikken. Ho er vekas grepa dame.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lettare å felle kvinner

 – Som 16-åring melde eg meg inn i Sosialistisk Ungdom, og har sidan det vore politisk aktiv og jobba for dei sakene eg brenn for, svarar Ingvild Reymert på spørsmålet om korleis ho har kome dit ho er i dag. Ho sit mellom anna som  bystyrerepresentant i Oslo og er aktiv på bloggkollektivet Maddam.no.  

Kva drøymde du om som 18-åring?
– Å reise på Interrail med venninna mi.  

Kva bok har påverka deg mest?
– Samfunnsfagboka på ungdomsskulen om global urett. At 2 milliardar menneske lever for under 14 kroner dagen, var noko eg ikkje kunne sitje stille å sjå på.  

Kven er dine største førebilete? Og kvifor?
– Venninnene mine på bloggen Maddam – dei er alle veldig tøffe, og eg blir inspirert og imponert over kva dei får til.  

På bloggen er også andre førebilete med: Mine førebilete er Simone de Beauvoir, venninnene mine og Elaine i Seinfeld, skriv ho der.  

Kva meining har ordet feminisme for deg?
– At alle skal ha like mogelegheiter uavhengig av kjønn. Sjølv om vi lever i verdas mest likestilte land, er det framleis store forskjellar på menn og kvinner. Kvinners timelønn er til dømes berre 80 prosent av kva menns timelønn er. Vi har derfor ein lang veg å gå.    

Er du ein feminist?
– Ja! Og for meg handlar det ikkje berre om å jobbe for likestilling politisk, men også at vi kvinner støttar og hjelper kvarandre i kvardagen.  

Har du nokon gong møtt utfordringar som kvinne i din bransje?
– I politikken har eg erfart at det er lettare å felle kvinner med hersketeknikkar enn menn. Derfor må vi ofte jobbe dobbelt så hardt for dei sakene vi brenn for.    

Er det noko du skulle ynskje du kunne?
– Bygge 20 000 rimelege utleigebustader til ungdom i Oslo, slik at dei slepp å betale skjorta på den private leigemarknaden. Det er blodig urettferdig at dei unge som ikkje har råd til å kjøpe ein eigen stad å bu, må betale så mykje i leigeutgifter. Det er pengar dei ofte ikkje har.  

Kva gjer deg lukkeleg i kvardagen?
– Å vera med vener og Thomas (mannen min).  

Kva er dine beste tips til ungdom som vil lukkast i din bransje?
– Dei som ynskjer å gjere Noreg og verda meir rettferdig bør melde seg inn i Sosialistisk Ungdom. 

Les om fleire grepa damer: Amal Aden, Hege Moe Eriksen , Sara Johnsen


Faktaboks

 

Ingvild Reymert

Bystyrerepresentant for SV i Oslo frå 2011

Bloggar i bloggkollektivet Maddam

Har studert internasjonale studiar og statsvitskap ved Universitetet i Oslo

Tidligare leiar av Norsk Studentunion og Trondheim Sosialistisk Ungdom