Varslar kamp mot karakterar i barneskulen

KrF-leiar Knut Arild Hareide varslar hard kamp mot forslaget frå Høgre om karakterar i barneskulen. Det gjer også Venstre.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kjempa mot karakterar

– Vi har vore svært tydelege mot karakterar i barneskulen. Saka er viktig for oss, og vi har overhovudet ikkje tenkt å gi oss utan sverdslag, seier KrF-leiar Knut Arild Hareide til Dagens Næringsliv.

Venstre seier også blankt nei til talkarakterar i barneskulen. Dette stadfesta landsmøtet i april.

– Vi har inga tru på at dette gir positivt læringsutbytte. Det vil også gi meir rapportering og byråkratisering og ta merksemda til lærarane vekk frå dei viktigaste oppgåvene deira. Vi vil kjempe hardt imot, seier Venstre-nestleiar Guri Melby.

LES OGSÅ: Slik vil Høgre innføra karakterar i barneskulen

Utdanningspolitisk talskvinne i Høgre, Elisabeth Aspaker, står fast på kravet, trass motstanden frå Venstre og KrF.

– Det er heilt feil å tru at vi gir oss på dette. Vi har landsmøtevedtak om talkarakterar. Vi avlyser ingenting av skuleprogrammet. Styrken til partia etter valet får avgjere, seier ho. (©NPK)

Kva synest du om å innføra karakterar i barneskulen?