Valfridom i familien

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På «Politisk kvarter» på NRK onsdag 31. juli vart Høgre angripen av SP og Venstre fordi vi vil at foreldra sjølve skal få bestemme korleis dei fordelar foreldrepermisjonen. Trine Skei Grande i Venstre sa mellom anna at «det er sosialt vanskeleg for fedrar å ta ut pappapermisjonen.» Det er fleire ting eg stussar ved når det gjeld dette utsegnet. For det fyrste vart ikkje foreldrepermisjon innført fyrst og fremst av omsyn til foreldra – her var intensjonen barnets beste. Samstundes lyt venstreleiaren vanke i heilt andre kretsar enn meg, dersom det i hennar miljø er sosialt uakseptabelt å ta ut pappapermisjon. Dei fedrane eg kjenner til er både glade og stolte over å ta ut permisjon for å prioritere barna sine. Det betyr imidlertid ikkje at korkje Jens Stoltenberg, Trygve Slagsvold Vedum eller for den saks skuld Erna Solberg skal diktere og fordele foreldrepermisjonen i norske familiar. Dette vitnar om ein grunnleggjande mistillit til foreldra – personleg tykkjer eg det grensar til respektløyse og ein grenselaus higen etter å styre folks familieliv.

Norske familiar, både mødrer og fedrar, har eit genuint ynskje om å vera heime med barna sine, dei treng ikkje statleg detaljstyring for dette. Svenske fedre tek ut stadig meir permisjon, også når dei ikkje blir tvinga av myndigheitene. Dersom ein av foreldra ikkje kan ta ut heile kvota regjeringa har fastsett, mistar barnet desse vekene heime med mor eller far. Alt dette skjer fordi den sosialistiske regjeringa straffar foreldre som ikkje tilpassar seg deira kvotesystem. Dei nektar foreldre som ynskjer det å overføre vekene seg imellom. Dersom til dømes far som følgje av arbeidssituasjon ikkje kan ta ut meir enn 7 av sine 14 veker, mistar familien desse vekene. Dette er uheldig, fyrst og fremst for barnet. Tal frå NAV syner at kvotesystemet fungerer dårleg, fedre tek ut 18 % av foreldrepermisjonen. Likevel er regjeringa sitt svar på dette å auke fedrekvoten.

For å sitere Nikolai Astrup frå politisk kvarter, så handlar dette om grenser for politikk og grenser for offentleg innblanding i korleis den enkelte familie organiserer kvardagen sin. Kvar familie må finne sin modell for å gjeva barnet eller barna ein tryggast mogleg start på livet. For når alt kjem til alt handlar foreldrepermisjonen om barnas beste – og løysinga handlar om grenser for politikk og tillit til familiane si evne til å organisere egen kvardag.