Slik vil Høgre innføra karakterar i barneskulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gi born karakterar

Høgre har bestemt seg for korleis talkarakterar i barneskulen skal innførast om partiet får makta etter valet.

Partiet vedtok på landsmøtet tidlegare i år at dei vil innføre karakterar i barneskulen i tillegg til skriftlege elevvurderingar. No har skulepolitikarane i Høgre vorte samde om detaljane i denne planen.

– Vi vil ha talkarakterar i norsk og matematikk frå 5. klasse. I 6. og 7. klasse skal dette utvidast med karakterar i engelsk ved større arbeid og i terminoppgjer, seier utdanningspolitisk talskvinne i Høgre, Elisabeth Aspaker, til Dagens Næringsliv.

Målet med å innføre talkarakterar er at elevane ikkje skal få sjokk når dei kjem over på ungdomsskulen og får karakterar i alle fag. OECD har også tilrådd talkarakterar, ifølgje Aspaker.

Innføringa av talkarakterar i 5. klasse vert obligatorisk for alle kommunar om Høgre får det som dei vil. Lærarorganisasjonen ynskjer ikkje talkarakterar i barneskulen, og Venstre røysta ned forslaget på sitt landsmøte i april.

Kva synest du om karakterar i barneskulen?