Forsvaret opnar for fleire brillebrukarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opnar for brillebrukarar

Forsvarets sanitet (FSAN) har senka synskrava sine etter mykje intern diskusjon. No gjeld dei same synskrava for soldatar som for å få førarkort for tung lastebil, skriv Forsvarets Forum, eit magasin som blir gitt ut av Forsvaret.

– Vi gjer dette fordi vi ser at vi mistar gode soldatar på grunn av synet, seier overlege Reidar Sannes i FSAN.

Tidlegare måtte framtidige soldatar kunne lese om lag halvvegs ned på synstavla utan briller, men no held det å kunne lese den første bokstaven.

Sannes fortel at synskravet no tilseier at ein soldat som øydelegg eller mister brillene sine i felt skal kunne redde seg sjølv, men det er ikkje eit krav at ein skal kunne skyte ein fiende.

Forsvaret har lite erfaring med brillebrukarar i felt, men har ifølgje Forsvarets Forum ingen motførestillingar. Alle operasjonsmetodar i auget skal bli godtekne, men soldaten kan ikkje vere blind på eitt auge. Det er ikkje anbefalt å bruke linser i felt på grunn av hygiene.

Endringane fører til at fleire som møter på sesjon kan blir rekna som feltdyktige. Viss ein bruker tala for dei to siste åra, ville 1.269 fleire blitt erklært feltdyktige etter dei nye synskrava.

Det vil framleis vere strengare synskrav til pilotar og spesialsoldatar. (©NPK)