Mange ringjer naudtelefonen for barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Telefonen har eksistert i fire år og begynner å bli kjent. Terskelen for å ringe har vorte lågare.

– Erfaringa er at dei fleste vaksne verkeleg tek ansvar når dei ser eller er bekymra for at eit barn er utsett for vald, overgrep og omsorgssvikt, seier Monica Brunner, leiar for alarmtelefonen, til NTB.

– Det vi kan sjå ut frå tala for andre kvartal i år, er at meldingane av akutt art aukar, seier ho.

Kvar månad er det mellom 800 og 900 oppringingar.

– Nokre er tulletelefonar, andre skal sjekke ut kva dette er, men eit solid fleirtal er seriøse meldingar frå unge i naud.

Vald og rus
Dei fleste meldingane dreier seg om vald, rus eller psykiske lidingar hjå foreldre, fortel ho.

Når barn ringjer, handlar det oftast om vald, enten mot barnet sjølv, mot søsken eller mor. Dei fleste barna er i aldersgruppa 11– 12 til 14– 15 år.

– Vi har sterkt fokus på valdssaker. Vi er den forlengde armen til barnevernet, og vi er avhengige av at barnevernet gjer ein god jobb når vi kontaktar dei. Folk må jo vite at det nyttar å ringe oss, for eksempel at politiet kjem dersom det er akutt. Og eg trur barnevernet gjer ein betre jobb i dag enn for ti år sidan, seier Brunner.

Jo ærlegare jo betre
Vaksne som ringjer 116 111 har som regel vore bekymra lenge og har tenkt seg godt om. Mange seier at dei har varsla familien det gjeld om at dei kjem til å ringe.

– Erfaringa vår er at jo ærlegare barnevernet kan vere om kven som har varsla, jo betre jobb kan barnevernet gjere. Det blir også lettare å skape forståing i familien det gjeld for at ein ønskjer å hjelpe, seier Brunner.

– Men ein innringjar kan sjølvsagt også velje å vere anonym, legg ho til.

LES OGSÅ: Éin av ti unge slår kjærasten

Sløve kommunar
Brunner er skuffa over kommunar som ikkje gjer noko for å gjere 116 111 kjent. Berre halvparten av ordførarane som har signert ein kontrakt om at dei skal vere ambassadørar for alarmtelefonen, har førebels gjort noko med saka i sin kommune, seier ho.

– Fordi barnevernvakt er frivillig for kommunane, er det cirka 320 kommunar som ikkje har det, og då er alarmtelefonen den einaste akuttberedskapen for barn og unge. Stakkars det barnet som er i naud i ein slik kommune.

Brunner meiner det ikkje treng koste mange kronene for ein kommune å spreie kunnskapen om naudtelefonen til alle barnehagar, skular, helsestasjonar, sosialkontor og andre stader der barn og unge ferdast.

LES OGSÅ: Elevar skal læra meir om familievald

Effektivt tilbod
Alarmtelefonen vart oppretta etter sterkt påtrykk frå Barneombodet, som ikkje minst oppfordra vaksne til å ta kontakt dersom dei hadde den minste mistanke om at barn hadde det vondt eller vart vanskjøtta.

Med alarmtelefonen skal barn og vaksne sleppe kjensla av å gå spissrotgang mellom ulike instansar med den vanskelege bodskapen. Når dei ringjer 116 111, møter dei kompetent personell i den andre enden.

– Det har vore eit effektivt konsept og noko av det mest morosame eg har vore med på å byggje opp, seier Jan Kristian Sæbø, som var prosjektleiar under introduseringa av alarmtelefonen for fire år sidan. Han skryt av fagpersonellet som tek imot telefonar frå barn og vaksne som ofte er i ein vanskeleg situasjon.

– Fagpersonellet er verkeleg dyktige og har høg kompetanse, seier Sæbø til NTB. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om 116 111
* Alarmtelefonen for barns og unge opna i Noreg i juni 2009 og fekk nummeret 116 111.
* Telefonen har fått 37 760 oppringingar til og med 30. juni 2013 – men ikkje alle meldingar er seriøse.
* Nummeret er EU-harmonisert og likt i alle land EU og EØS.
* Ideen om eit enkelt naudnummer for barn vart lansert då Trond-Viggo Torgersen var barneombod på 1990-talet. Det vart realisert av Reidar Hjermann då han var barneombod.
* Alarmtelefonen er eit lågterskeltilbod, og samarbeider med barnevernet.
* Alarmtelefonen er einaste akuttberedskap for barn og unge i dei 320 kommunane her i landet som ikkje barnevernvakt.
* I snitt ringjer alarmtelefonen 10.000 gonger i året, mellom 800 og 900 gonger i månaden. (©NPK)