Countrybandet Vassendgutane tente 8,7 millionar kroner i fjor og hadde eit driftsoverskot på 1,5 millionar kroner.

NPK
NPK
Faktaboks

Vassendgutane er ei musikkgruppe frå Ørsta i Møre og Romsdal. Bandet blei etablert i 1996 og har gjeve ut fire plater.

Vassendgutane er på mange måtar ein heilt eigen sjanger, men spelar for det meste countrymusikk og dansebandmusikk. Musikken består av folkeleg country med eigne tekstar og melodiar, tema i mange av tekstane er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv. Bandet har gjeve ut fire plater, men det store gjennombrotet kom i 2005 med cd-en Ungkar med dobbelseng som har seld til gull. Bandet er sommaren 2007 eit av dei klart mest populære festivalbanda i Noreg. Nokre av bandet sine mest kjente songar er Ungkar med dobbelseng, Granada, Hei Reidar og I ei 60 sone.

Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Bandet er eitt av dei mest lønsame i nedgangstider, skriv Dagens Næringsliv. Men også Vassendgutane merkar nedgangen i platesalet og får stadig meir av inntektene sine frå turnélivet.

– Det går veldig bra, men den inntektssvikten vi hadde i fjor kjem av svakare platesal, seier manager Alf Aarseth til avisa.

Likevel selde den siste plata «Hesteslepp» over 30.000 og saman med 80 konsertar blir det eit fint overskot for ørstingane.

Fire av bandmedlemmene eig selskapet, som dei siste fem åra har hatt nær 60 millionar i inntekt og eit driftsresultat på 12,6 millionar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45
ANNONSE