Stille sommar

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Eg har sikkert stilt spørsmålet like ofte som nokon andre dei siste to månadene. Det er ein grei form for tørrprat, og kanskje endå meir freistande å gripe til viss ein ikkje kan klage på dritvêr og dårlege temperaturar. Rettnok er det naturleg å leggje planar for sommaren. Det er jo på den tida av året folk flest har eit avbrekk frå studiar og arbeid. Så det er ikkje vanskeleg å skjøne at folk ønskjer å gjere slikt som ein ikkje har like mykje rom til i ein travel og tidspressa kvardag. Ein reiser heim til familien, møter gamle vennar, reiser på ferie og senker tempoet eit par hakk. Og alt dette er eg med på. Eg gjer det sjølv. Det er kjekt å drikke med gamle vennar frå heimbygda, slenge heime i trygdebukse, ete mat servert av mor eller ta ein helgetur saman med ein kompis til ein europeisk storby.

Det eg set høgst ved sommar og ferie er likevel først og fremst den store stillheita. Å kunne leve utan å kjenne at livsrytmen blir styrt og strukturert av ei jagande samfunnsklokke. Å kunne drage meg attende til min eigen forsonande plett her på jorda som tilhøyrer berre meg. I mitt tilfelle ein liten hybel i Pilestredet midt i Oslo. Her har eg bokhylla mi, ein stor rund tekopp, ferskaste utgåve av Dag og Tid og siste Syn og Segn i fanget. Nokre av oss har meir hug til slikt enn andre, veit eg. Men det er no med dette som med så mykje anna, at ein ikkje har moglegheit til eit slikt klostertilvære elles om året. No skal det i all rettferd leggjast til at eg aldri har hatt noko som i det heile teke kan minne om ein sommarjobb. Bortsett frå ein månad i bibliotekpraksis i samband med utdanninga, har eg knapt gjort eit ærleg dagsarbeid i heile mitt liv. Og likevel vågar eg kalle meg sunnmøring. Eg er mellom dei heldige som ikkje treng å ta proletært arbeid i ungdommen. Til det er dei statlege støtteordningane for folk med kroniske lidingar altfor generøse. Det som frå naturen si side er som eit djevelmerke å rekne, er ei lita velsigning i vårt moderne velferdssamfunn.

Ikkje at eg veit om det finst ein arbeidsgjevar her i landet som ville gjeve ein attraktiv sommarjobb til ein ung mann som dreg seg rundt støtta av ein stokk, og som for utanforståande minnar mest om ein attgløymd del av eit brokete sirkusensemble. Eg har aldri freista søkje nokon sommarjobb heller. Eg stolar på at det er av gode grunnar den allmektige norske staten har innstifta så gåvmilde reglar hjå Lånekassa og NAV for oss stakkars krøplingar her til lands. Det kan jo likevel hende at eg ville klart å livnære meg på eit vis utan å ha staten som matfar. Eg kunne stilt meg nede på Karl Johan der alle turistane er og deklamert Terje Vigen. Noko slikt kunne eg fått til. Etter kvart kunne eg tilmed teke for meg utvalde vers på ymse språk. Tysk, italiensk og japansk. Blitt ein slags sommarleg byoriginal. Når desse levande statuane som står på sokkel kledd i heildekkjande sølvpapir kan tiltrekkje seg så mykje folkeleg merksemd, ja så må det finnast ein marknad for både det eine og det andre der ute i folkedjupet.

Eg er altså i ein nokså tvitydig situasjon, kvar eg grunna offentlege stønader og trygdeytingar er i stand til å leggje for dagen ein aristokratisk livsførsel. Om ikkje materielt sett så iallfall rytmisk og åndeleg. Ein kunne døypt slike som meg trygdearistokratar. Det fangar liksom heile paradokset. Som den kjære lesaren kanskje har skjønt, er det ikkje mykje som skal til for å halde meg tilfreds. Så lenge svolten held seg på avstand seier eg meg nøgd. Det einaste som vantar er eigentleg tilgang på billeg øl. Til det er gledesglaset altfor nedtyngd i moralske skattar og avgifter til at ein varmblodig student av små materielle kår kan børste oftare enn det helsa krev. I denne samanheng vil eg påpeike at ølet i gamle dagar blei kalla for det flytande brød, og dersom munkane i mellomalderen kunne bruke det for å kome seg lettare gjennom fasta, kan ein vel tenkje seg at det same skulle vere mogleg for ein og annan skarve student. Dersom prisen hadde vore meir anstendig, då. Kven veit? I desse valkamptider kan alt skje. Kan hende kjem det brått ein politikar på banen og samstemmer med underteikna i at alkoholpolitikk er kulturpolitikk.

Kvar var eg? Jo, det var dette med den stille sommaren. Du skjønar at heller enn å leggje omfattande planar for sommaren, freistar eg å fortelje meg sjølv kva eg iallfall ikkje skal gjere. Eg skal ikkje stresse for mykje. Eg skal ikkje ha større mål for sommaren enn det eg veit eg kan klare og trivst med å gjennomføre. Og eg skal iallfall ikkje la all slags forpliktingar øydeleggje for moglegheita for å oppsøkje den store stillheita. Slike ting er altfor undervurdert i vår tid. Å skru av all støyen utanfrå og ta del i det universet av tankar og draumar ein ber på inni seg. Å lytte til seg sjølv, rett og slett. Det er ikkje alle som toler sine eigne tankar. Dei søkjer ein veg ut. Ringjer nokon, går på verdsveven eller finn på noko. Alt for å sleppe unna den skrekkelege hamringa av sin eigen hug. Det er synd på dei som ikkje klarar anna enn å lemleste livet i frykt for å bli råka av seg sjølv. Endå verre er det at mange av dei ikkje er klare over at dei lid under børa av eit vengeklypt sjeleliv. Tanken har ikkje slått dei. For det er nettopp som åndsvesen at mennesket er stort og fritt. Utan eit indre gjallande ekko er mennesket eit bestialsk rovdyr. Det finst det rike prov for i vår nære fortid.

Du kan meine kva du vil, men for min del er dei små gledene i livet sjølve stordomen i det. Dei store berusande stundene er meir svikefulle av natur. Himmelstigane har det ikkje med å rekkje heilt opp i skyene, slik dei lovar. Og før ein veit ordet har ein falle og kavar nede i ein brønn. Livet er små toppar og bratte søkk, lik ein ustabil hjarterytme på ein monitor. Sjølv har eg ei underleg kjensle av at eg ikkje skulle orka dette spelet hadde det ikkje vore for all stordomen som syner seg i små daglegdagse hendingar og hugsprang, og let etter seg ein bivrande kim av kjærleik i hjartet. Det kan til dømes vere synet av søte jenter kledd i tynne sommarkjolar som legg seg tett som ei flortynn gardin kring kroppen. Eller lyden av ein trikk som sig lett over skjenene, som var han òg litt mindre travel enn elles. Kanskje å sitje i sentrum den siste timen før soleglad med ei kald pils og sjå på alle dei varme andleta som går forbi, måten vinden ruskar vart og broderleg i lauvet på trea utanfor glaset mitt, eller å vandre sorgfritt i den ljuve sommarnatta som er for snill til å vere skikkeleg natt i desse dagar.

Det er dette som er sommar for dårar som meg. Eller snarare heller sjølve livet. Å fortape seg i slike tankar er som å falle i ei eng blomar på nytt og på nytt. Ja, Oslo-sommar er fint, men når eg sit her og skriv kjenner eg at saknet etter Sunnmøre vaknar inni meg. Til Skodje. Heimstaden. Dei grønmjuke åsane som omkransar landskapet og kvite nutane som ligg blåleg hildrande i horisonten frå terrassen hennar mor. Når sommaren er vakker som no på desse kantar, kan eg tole ein og annan jarnkald fimbulvinter år i mellom. Stundom tenkjer eg at gleda ved å leve så langt nord, heilt ved grensa for menneskeheimen, nett er den nordiske sommaren. Kort, intens og full av fargar stig han fram liksom på trass og syner oss trollkrafta i det veldige livet her på jorda. Ja, så full av vene, skapte ting, av hugnad og svanger fred kan livet vere når ein søkjer seg fram til den store stillheita.


Først publisert på Magasinett!