– Eit nei er eit nei, jenter!

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal vi få færre overgrep må menn lære å setje grenser, og kvinner lære å respektere dei, meiner ho.

– Ein del kvinner utfører overgrep utan å intendere det, seier Ingrid Blessom. Ho er konsulent på Dixi, eit ressursenter for valdtektsoffer. Dei opplev at stadig fleire menn tek kontakt med dei i etterkant av valdtekter.

Ho meiner skulen må på banen, og lære gutane å setje grenser, og jentene å akseptere dei.

LES OGSÅ: – Utdatert sex-undervisning

Grueleg å bli latterleggjort
– Historia til den unge mannen rørte ved meg, seier Elisabeth Løland.

Det var eit innlegg i Si’D, ungdomsdebattsida til Aftenposten, som tidlegare i juli fekk leiaren av KrFU til å gripe til pennen. Der fortalte ein mann på 19 år om korleis han var blitt valdteken av to kvinner, og om den reaksjonen han hadde fått i ettertid frå menneska rundt seg.

“Historia mi er humor. Historia til ei kvinne kan vere ein tragedie”, skriv han i innlegget, og skildrar korleis han blei møtt med latter og latterleggjering av dei han fortalte det til.

Det fekk ungdomspartileiaren til å reagere.

– Valdtekt er eit problem eg har engasjert meg mykje for og sett meg inn i, og eg veit det er store mørketal. Eg tykkjer det er heilt grueleg å lese om at eit valdtektsoffer ikkje blei teke på alvor, men ledd av og latterleggjort. Eg tenkte at nokon måtte støtte han, fortelje han at han ikkje er åleine, og at det er dei som latterleggjer han som har feil, forklarar ho.

Menn er ikkje dyr
Som svar på innlegget skreiv Løland kronikken “Menn er ikke dyr”. Der tek ho oppgjer med haldninga at menn alltid vil ha sex.

– Eg trur mange har den haldninga at menn alltid vil ha sex, og at det er noko gale med dei om dei ikkje vil ha det, at dei ikkje får det til, til dømes. Det syner at vi har ei veldig stereotyp oppfatning av mannen, som ein som er driven av sex, forklarar ho.

Løland meiner at denne oppfatninga fører til at mange, feilaktig, trur at menn ikkje kan bli valdteke, ettersom dei jo uansett alltid ønsker sex.

Haldninga fører til skam
Bakgrunnen for desse haldningane er kunnskapsløyse, trur Løland.

– Mange har mangelfull kunnskap om menn, menns seksualitet og overgrep mot menn. Det ser ein jo tydeleg i kommentarfeltet under debattinnlegget til mannen som fortale om sine røynsler, der mange skreiv ting som at menn ikkje kunne bli valdteken, eller at han burde ha nytt det.

Ho meiner haldningar og kommentarar som dette fører til at menn som vert valdteken vert påført skam.

– For mange av offera er det er knytt stor skam til det å bli valdteke, både for kvinner og menn. Mange menn som vert utsett for overgrep kan likevel få ereksjon og utløysing, noko som kan forsterke kjensla av skam. Fleire overgriparar utnyttar og framprovoserer dette, fordi det er mindre sannsynleg at ein som føler skam meldar valdtekta til politiet, seier ho.

LES OGSÅ: Dei fleste valdtekter skjer på fest

Mørketal og kunnskapsløye
At det er store mørketal og kunnskapsløyse om menn som valdtektsoffer er Ingrid Blessom samd med Løland om. Ho arbeider som konsulent ved Dixi ressurssenter for valdtekne i Oslo.

Ordet “Dixi” kjem frå latin og tyder “eg har talt”, og på Dixi arbeider dei både med å gje informasjon til utsette, familien deira, og med terapi og hjelp til sjølvhjelp for dei som har vore utsett for ei valdtekt.

Dixi er eit gratis lågterskel-tilbod der alle kan kome, utan tilvising frå lege eller psykolog, og dei har òg eit tilbod til gutar og menn. I fjor tok 22 menn kontakt med Dixi i etterkant av valdtekter, og desse mennene utgjorde om lag 7 prosent av deira totalt 299 nye brukarar i 2012. Av dei som kjem til Dixi har omlag like mange verte valdtekne av menn, som av kvinner.

Men nett kor mange menn som vert valdtekne, veit ikkje Blessom. Søndag melde Aftenposten at kring fem prosent av dei som vender seg til overgrepsmottaket ved Oslo legevakt er menn.

– Det er svært få menn som meldar valdtekter til politiet, og her er det nok store mørketal. Det vi ser at fleire og fleire søker hjelp hos Dixi. Dette har nok med at fleire etter kvart aksepterer at menn kan bli valdtekne, og vi trur at det fører til at fleire både snakkar om valdtekter og meldar dei.

LES OGSÅ: Ein plukka blome

Å bli valdteken blir sett på som “feminint”
Blessom meiner at mange har eit syn på valdtekt som utelukkar menn som offer for valdtekt, og at dette kan gjere valdtekta ekstra tung å bere for mange menn.

– Mange menn slit fordi dei, og mange i samfunnet elles, har ei oppfatning om at valdtekt er noko som skjer kvinner. Det er eit utbreitt idé at valdtekt vert utført av store menn som nyttar sin kroppslege styrke til å forbryte seg mot kroppsleg svakare kvinner. Dette gjer at mange menn føler valdtekt er noko som skjer med kvinner, og at det er noko “feminint” som ikkje dei kan bli utsett for.

Det er viktig for Blessom å peike på at ein ikkje treng å vere fysisk sterkare for å valdta.

– Manipulasjon og truslar ofte vert nytta i valdtekter der menn er offer, i større grad enn fysisk overmakt. Særskilt gjeld dette i dei valdtektene der kvinna er overgriparen, forklarar ho.

LES OGSÅ: Eit farleg land å vere kvinne i

Haldningsendringar må til
Både Løland og Blessom meiner det må kunnskaps- og haldningsendringar til. Og begge meiner at jentene har ein jobb å gjere.

–Vi ser at det er ein del kvinner som utfører overgrep med menn, utan å intendere det, forklarer Blessom.

Det kan ha bakgrunn i at kvinna ikkje skjønne at mannen ikkje vil, fordi ho trur at menn alltid vil.

Her må kvinner ta meir ansvar, meiner Løland.

– Haldningar må vi alle ta ansvar for, og i dette høvet er det særskilt vi kvinner som må ta ansvar. Kvinner må respektere grensene til menn! Vi må slutte å forvente at menn vil ha sex når som helst, og aksepter eit nei utan å stille spørsmål ved om han har ein elskar eller er interessert i andre. Eit nei er eit nei, jenter, så enkelt er det!

LES OGSÅ: – Ungdom skal vere med på å førebygge valdtekt

Grenser på pensum i skulen
Begge meiner òg at grensesettinga må tydelegare inn på timeplanen i skulen.

– Skulen har ei kjempeutfordring i å lære dei unge om sex, grensesetting og overgrep. Det er viktig at elevar lærar at òg kvinner kan vere overgriparar, og gutar og menn og kan setje grenser andre må akseptere, seier Blessom.

Løland er samd i at grensesetting må på timeplanen, og at ein må fokusere på gutane òg. 

– Det er ein tendens i skulen at det vert snakka mest om jentene sine grenser, som gutane må respektere, men dette må gå  begge vegar, seier Løland, før ho utdjupar.

– Ein kan få inntrykk av at ein ofte tek det meir alvorleg med gutegjengar som knip jentene i rumpa, enn når jenter gjer det same med gutar: Då vert det gjerne noko gutane berre må halde ut. Sånn skal det ikkje vere, avsluttar ho.

Faktaboks

• Sju prosent av dei som tek kontakt med Dixi ressurssenter for valdtekne er menn.
• Fem prosent av menn som vender seg til overgrepsmottaket til Oslo legevakt er menn.
• Svært få menn melder valdtekter til politiet.
• Det er ingen samla oversikt over kor mange menn som blir valdtekne. Truleg er det store mørketal.