Fuglefjellet på Runde er døyande

– Det største fuglefjellet i Sør-Noreg er i ferd med å døy, varslar ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skikkeleg dramatisk

– Situasjonen for Runde er no skikkeleg dramatisk, fortel ornitolog Alv Ottar Folkestad til Sunnmørsposten. Han har følgt med på utviklinga i fuglekoloniane på Runde i fleire tiår. Dei første teikna til nedgang i fuglebestanden på Runde kom allereie i 1972, fortel han. Då starta ein nedtur som dei siste åra berre har gått raskare og raskare. Folkestad understrekar at det ikkje finst kjappe løysingar for å redde fuglelivet.

– Det er matsituasjonen til sjøfuglane som er årsaka til at dei ikkje hekkar og får fram ungar. Vi ser signal på at det marine økosystemet ikkje fungerer lenger. Biletet er komplisert. Vi må nok inn i både fiskeriforvaltninga og klimadebatten. Eitt av spørsmåla vi må stille er om sild og makrell et opp åte som også andre fiskeslag og sjøfuglane skulle leve av, seier Folkestad til avisa.

Turistane kjem likevel
Også turistnæringa er uroleg for utviklinga, men ser at trass fuglenedgangen er folk framleis interesserte i å besøkje fugleøya vest i havet.

– Det rare er at mange av dei som kjem er nøgde med det dei ser og opplever, sjølv om det berre er havsuler, ørn og nokre lundefuglar, seier turistvert Knut Asle Goksøyr til Sunnmørsposten.

Goksøyr fortel at sjølv om det no kjem færre ornitologar til Runde, så har dei fått fleire turistar av ein annan sort, nemleg fotografar og folk som kjem for kystnaturen og turopplevinga.

– Så har vi oppdaga at det er utruleg viktig å ha gode guidar som kan formidle kunnskap og dei gode historiene om fuglar, flora, gullfunn og losane. Vi forsøkjer å tilpasse produktet til ei ny tid, fortel turistverten til avisa. (©NPK)


MATMANGEL: Fuglelivet på Runde er i ferd med å døy ut fordi fuglane ikkje finn nok mat til ungane sine. FOTO: Trond A. Myklebust / Wikipedia