Fleire norske Erasmus-studentar
Stadig fleire norske studentar vel å studere i andre europeiske land med stipendhjelp frå Erasmus-programmet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
1690 norske studentar nytta seg av stipend og utvekslingsordningar frå Erasmus-programmet i studieåret 2011/2012, viser nye tal frå Europakommisjonen. Dette er ein auke på 10,5 prosent samanlikna med året før.
Over 250 000 europeiske studentar studerte eller hadde praksisopphald gjennom Erasmus-ordninga i studieåret 2011/2012. I same skuleår tok Noreg imot 4135 Erasmus-studentar.
LES OGSÅ: – Ingen fare for norske Erasmus-studentar
Til saman deltek 33 land i Erasmus-programmet, alle medlemslanda i EU i tillegg til Island, Liechtenstein, Noreg, Sveits og Tyrkia. (©NPK)