Lyset gjer oss meir moralske

I lyse rom handlar vi meir etisk enn i mørke. Kan dagslys og betre opplyste rom hindre kriminalitet?

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir umoral i mørket

I språket er lys forbunde med godheit og mørket med vondskap: Ei lys framtid er ei god framtid, medan ein lyssky aktivitet er ein umoralsk ein.

Ny forsking syner at dette ikkje berre er eit språkleg fenomen, men at folk faktisk handlar meir moralsk i lyse rom, enn i mørke. Lyset gjer oss meir etiske og sjølvoppofrande, og mindre sjølvopptekne, trur forskarane.

Det kjem fram i artikkelen “In broad daylight, we trust in God! Brightness, the salience of morality and ethical behaviour”, publisert i tidsskriftet Journal of Environmental Psychology. Det er forskarane Wen-Bin Chiou og Ying-Yao Cheng frå Taiwan som har undersøkt forholdet mellom lysstyrke og moralsk åtferd.

Ei god handling gjer verda lysare
Utgangspunktet for artikkelen var å utforske om den språklege samanhengen mellom lys og godheit faktisk hadde noko meir føre seg. Er det faktisk sånn i hjernen moral og opplevinga av lys heng saman?

– Tidlegare forsking har synt at folk si oppfatning av lysstyrke endrar seg når dei minnast moralske handlingar, seier Wen-Bing Chiou.

– I eit forsøk erfarte forsøkspersonane eit rom som lysare når dei tenkte på ei god moralsk handling, og mørkare når dei tenkte på ei umoralsk handling, utdjupar han.

LES OGSÅ: Ikkje nødvendig med mat?

Lyset gjer oss rettferdige
I hans eige forsking ville han finne ut om dette kunne verke andre vegen: Kan lysstyrke påverke korleis folk handlar moralsk?

Forskarane nytta tre eksperiment for å undersøke kva effektekt lyset hadde på folk sin moral. For det første utsette dei 81 forsøkspersonar for diktatoreksperimentet. Der får forsøkspersonen vite at han har fått ein sum pengar som han skal dele mellom seg sjølv om ein mottakar, og vidare at det er forsøkspersonen sjølv som avgjer kor mykje mottakaren skal få.

Dei 81 forsøkspersonane blei fordelt på tre forskjellege rom: Eit som var sterkt opplyst, eit som var middels opplyst og eit som var svakt opplyst. Resultatet av eksperimentet syner at graden av lys i romma var lik med kor likt forsøkspersonane delte pengane: Dei i det sterkast opplyste rommet gav mest pengar til mottakaren og delte likast, dei i det minst opplyste rommet gav minst pengar til mottakaren og gjorde delinga mest ulik.

LES OGSÅ: Her jobbar dei hardast

… meir ærlege
I tillegg til at forsøkspersonane skulle fordele pengane mellom seg og ein mottakar, hadde forskarane eit anna triks for å sjekke om folk blei meir ærlege i dei lyse romma. Då deltakarane skulle gå fekk dei som tidlegare avtalt ein konvolutt med ein liten sum pengar for å ha delteke.

Men i konvolutten hadde forskarane lagt litt meir pengar enn dei hadde avtalt med forsøkspersonen på førehand. No ville dei sjå kor mange som leverte attende dei pengane dei hadde fått for mykje.

Og igjen var det ein klår samanheng mellom den moralske åtferda og lysstyrken i rommet deltakarane var i: 85 prosent av personane i det lysaste rommet leverte pengane attende, medan berre 52 prosent i det mørkaste rommet leverte pengane tilbake pengane dei hadde fått utan å ha rett på.

LES OGSÅ: Fornufta forsvinn på nett

… meir gåvmilde
I det andre eksperimentet gjekk 87 forsøkspersonar gjennom eit eksperiment knytt til assosiasjonar mellom moral og farge. Det var i alle høve det forsøkspersonane trudde var eksperimentet dei var med på, men det eigentleg eksperimentet tok form idet dei var ferdige. Då fekk dei nemlig høyre at forsøkssenteret samla inn pengar til studentfondet, og blei spurd om dei ville gje pengar.

Det vart understreka at det var heilt opp til forsøkspersonen om han eller ho ville gje, og forsøkspersonen fekk beskjed om å sleppe pengar i ei kasse på veg ut.

Då synte det seg igjen at dei forsøkspersonane som var i det mest opplyste rommet gav mest pengar – 41 ny-taiwanske dollar (ca. 8 kroner) – og dei i det minst opplyste rommet berre gav  19 ny-taiwanske dollar.

Dessutan synte undersøkinga deira at jo lysare forsøkspersonane sjølv oppfatta rommet, dess meir pengar gav dei.

LES OGSÅ: Vi er ikkje skapt til å krige

… og meir hjelpsame
I det siste eksperimentet ville forskarane teste kor hjelpsame forsøkspersonane var. Her var forsøkspersonane studentar som deltok i studiet for studiepoeng. Desse deltok først i eit intervju om personlegdom.

Men det verkeleg eksperimentet fann stad i etterkant av intervjuet. Då blei forsøkspersonane bedd av ein av dei tilsette om dei ville melde seg friviljuge til å hjelpe til å sortere data for instituttet. Deltakarane fekk beskjed om at kvart ark tok fem minutt, og at dei sjølv kunne velje kor mange ark med data dei ville hjelpe til med.

Ikkje overraskande var forsøkspersonane i det lysaste av romma viljuge til å hjelpe til med fleire ark, enn forsøkspersonane i dei mørkare romma

Men kvifor i all verda kan det vere slik?

Strengare i dagslys
Forskarane veit ikkje heilt kvifor folk handlar meir moralsk når det er lyst, eller oppfattar omgjevnadane som lysare når dei tenkjer på ei moralsk god handling, men ein teori er at det kan ha med den anonymiteten mørke kan skape. Ein annan teori er at det er samanhengar i hjernen mellom sentra som handsamar både lys og moralske vurderingar.

Wen-Bing Chiou meiner lys og moral er eit tema det må forskast meir på i framtida.

– Den neste studien min vil undersøke om forholdet mellom aktiveringa av moralske vurderinga i møte med lys og fører til at folk vert strengare i sine moralske dommar av andre. Dette kan forklare kvifor brotsverk som vert utført i dagslys alltid vert sett som meir umoralsk av ålmenta, seier han.

LES OGSÅ: Svolt rokkar ved politisk ståstad

Lyse bort brotsverka
Han meiner det er viktig å forske på temaet, ikkje minst fordi det kan få påverknad for korleis innrettar samfunnet vårt, og korleis vi lever, arbeider og bur.

Om folk handlar meir moralsk i lyset meiner Chiou at dette kan få tyding for korleis vi førebyggar kriminalitet.

– Det har vore noko forsking som syner at lys i utemiljø kan førebygge kriminalitret. Det er til dømes gjort ei metaundersøking (undersøking og samanstilling av tidlegare forsking, red merknad) som syner at godt gatelys kan redusere kriminalitet. På bakgrunn av eiga forsking trur vi at lys kan vere ein effektiv måte å for å få folk til å handle meir etisk, avsluttar han.