Gå din eigen veg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Månadens band

Blues med Green

Det engelsk-britiske bandet Fleetwood Mac er eitt av dei lenge-levande. Gruppa har hatt meir enn 15 forskjellige medlemmar – og Mick Fleetwood er den einaste som har vore med sidan starten i London i 1967. Også lyden av bandet har endra seg mykje, og populariteten har svinga. Men musikken blir stadig oppdaga av yngre generasjonar. I 2011 hadde for eksempel tv-serien Glee ein eigen episode vigd til songar frå Fleetwood Mac sitt suksessalbum Rumours (1977).

Mannen som starta Fleetwood Mac, heitte Peter Green. Han fekk med seg trommisen Mick Fleetwood og bassisten John McVie, som bandet altså vart oppkalla etter. Saman gav dei ut debutalbumet med tittelen Fleetwood Mac i 1968. Medan Green var leiar og vokalist, høyrde bandet til sjangeren britisk blues. Men Green gav seg i 1970 på grunn av psykiske problem. Omtrent på same tid vart Christine McVie fast medlem. Ho hadde tidlegare vore studiomusikar for bandet, og var blitt gift med John.

Pop med Nicks og Buckingham
Ettersom dei skifta stil, mista gruppa noko av populariteten dei hadde hatt som bluesband. I tillegg opplevde dei ei rekkje merkelege ting; ein av medlemmane forsvann sporlaust (det viste seg til slutt at han hadde blitt med i ei religiøs sekt), og manageren deira hevda han eigde namnet Fleetwood Mac og skapte derfor eit nytt, falskt band som begynte å turnere under dette namnet! Det oppstod også diverse romantiske intrigar mellom bandmedlemmane og kjærastane deira. Ikkje at dei dermed slutta å lage musikk; Fleetwood Mac gav ut seks album mellom 1970 og 1974.

I 1975 hadde heile bandet flytta til Los Angeles for å vere nærare, og dermed viktigare for plateselskapet Warner. Dei hadde dessutan skaffa seg to nye medlemmar: låtskrivarane, vokalistane og kjærasteparet Stevie Nicks og Lindsey Buckingham. Desse to, ekteparet McVie og Mick Fleetwood blir ofte rekna som «det eigentlege» Fleetwood Mac – og er definitivt den besetninga som har hatt størst kommersiell suksess. Albuma Fleetwood Mac (nok ein gong! – dette frå 1975), Rumours (1977), Tusk (1979), Mirage (1982) og Tango In The Night (1987) fekk strålande omtale, selde godt (med unntak avTusk) og gav hits som Go Your Own WayEverywhere og Little Lies.

Brot og vennskap
Men om bandet hadde musikalsk suksess, stod det verre til på privaten. Både ekteparet McVie og Nicks og Buckingham gjekk frå kvarandre i 1976, i tillegg til at Fleetwood skilde seg frå kona. Det var altså denne kræsjlanda romantikken som vart til Rumours året etter – som igjen vart ei av Fleetwood Mac sine mest suksessrike utgjevingar, og som vann Grammy for beste album i 1977!

På 80-talet gav både Stevie, Lindsey og Christine ut soloalbum. Etter Tango In The Night slutta Lindsey i bandet – sjølv om han heldt kontakt med dei andre. Nye medlemmar kom til, men i 1991 slutta også Stevie. Christine forlet gruppa i 1995. Og likevel mangla det ikkje på moglegheiter til å sjå bandet gjenforeint; den «originale» kvintetten spelte saman då Bill Clinton vart innsett som president i 1993, og ti år seinare er alle så nær som Christine McVie med når Fleetwood Mac igjen turnerer – og sel ut konsertsalar – i USA og Europa.

Først publisert i Norsk Barneblad.