Bruker apekjøt som festmat

Gorilla- og sjimpansekjøt har blitt statusmat for rike folk i Vest-Afrika. WWF trappar opp kampen mot krypskyting og korrupsjon.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politi og viltvaktarar finn stadig restar av ulike apeartar i Vest-Afrika, skriv WWF.

– Når vi gjer desse funna, har kjøtet som regel alt blitt servert som festmat for rike og mektige menneske i byane. Den ulovlege jakta blir halde oppe av eit nett av bakmenn, store pengesummar og omfattande korrupsjon, seier David Greer i WWF. Han leier organisasjonen sitt arbeid med å verne dei store afrikanske apane.

Greer fortel at alle dei store apane i Afrika er truga og at forskarar reknar med at bestanden dei ti siste åra har gått ned med rundt 74 prosent.

– Ein jaktar ikkje sjimpanse eller gorilla for å skaffe kjøt til familien, men for å selje kjøtet til bakmenn som driv illegal omsetjing. Omtrent som i kampen mot narkotika er det den illegale omsetjinga ein må stoppe, seier Greer.

Han meiner det ikkje er noko gale med lovverket når det gjeld å beskytte sjeldne dyr mot krypskyting.

– Problemet ligg i handhevinga, seier Greer og legg til at det er korrupsjonen som på mange måtar er hovudutfordringa.

No har WWF saman med åtte sentralafrikanske land og organisasjonen TRAFFIC, som overvaker handel med produkt av truga dyreartar, lagt fram ein handlingsplan som skal styrke handhevinga av lovene. (©NPK)