Vil stoppe taxfreesalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha slutt på taxfreehandel

– Vi vil avskaffe statleg premiering av klimafiendtleg transport, seier Rasmus Hansson, som er førstekandidat for Dei Grøne i Oslo, til Aftenposten.

Hansson meiner taxfreesalet er ei meiningslaus støtteordning som oppmuntrar folk til å fly meir utanlands.

– Ordninga er til og med urettferdig. Det er berre dei som drikker, røykjer eller bruker mykje parfyme, som nyt godt av den. Skulle ho vore rettferdig, burde ein gitt skattefrådrag til kvar enkelt i staden. Det er ei tullete ordning, seier han.

Forslaget får likevel lite samtykke i det politiske landskapet. Kristeleg Folkeparti ønskjer å diskutere ei avvikling, mens Venstre har gått bort frå forslaget. (©NPK)

Kva meiner du? Er det på tide å kutta ut taxfreesal?